Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. september 2012

Det her e boka mi - Are Flaten

Are Flaten, 1 av 3 Vise menn
Are er ein av våre tre vise menn som vi tyr til med ujamne mellomrom. Han er teikneserieentusiast, musikkfreak, driv med bokStav og laft og samlar på alt dette. Med ujamne mellomrom presenterer han teikneseriar for den oppveksande slekt her på biblioteket. Vi har i dag utfordra han til å stille opp i spalta Det her e boka mi.

Det er vanskeleg å velja ei bok, så eg går for to forfatttarskap. Det første er Kjell Askildsen. Skal eg nemne ei av hans bøker, må det bli Thomas F's siste nedtegnelser til almenheten. Askildsen er suveren! Han barberer bort ord like mykje som han skriv. Her er det rett på sak. Han driv ikkje tullball med ord. Han skjer heilt inntil kjerna. Eg likar også måten han skriv om gamle folk på. Eg tykkjer det er søtt med sure, gamle menneske. Det er overkomleg å koma gjennom heile forfattarskapen, og eg har sjølvsagt sikra meg Kjell Askildsens samlede romaner og noveller i 12 bind.

I only want to live in peace
and plant potatoes and dream.
Min andre store favoritt er Tove Jansson og Mummitrolla. Eg likar både bøkene og Tove Janssons samlede tegneserier frå femtitalet utruleg godt. Dette er noko heilt anna enn teiknefilmane som er berre tull. Forfattaren har ikkje hatt noko med produksjonen av dei å gjera. Det er morosamt å lesa Jansson som vaksen. Eg likar den anarkistiske haldninga som kjem fram t.d. hjå Snusmumriken. Ser han eit forbodsskilt må det bort. Det er veldig mykje livsvisdom å hente hjå Jansson. Tekstene er fulle av små gullkorn. I tillegg til Mummibøkene har ho skrive Sommerboken om Sophia, bestemora og faren og sommaren deira på ei øy i den finske skjærgarden. Her er samspelet mellom Sophia og bestemora som ikkje legg noko i mellom, fantastisk skildra. Bibliotekaren kan ikkje anna enn å nikke i takt med kaffikoppen.

"Den sommeren Sophia opplevde en ny trassalder, var det regnfullt og kaldt og lite hyggelig å være ulykkelig utendørs. Derfor søkte hun sin ensomhet på loftet. Hun satte seg oppi en pappeske og stirret på slåbroken, hun sa forferdelige og knusende ting høyt, og slåbroken hadde meget vanskelig for å svare igjen." Sommerboken, Tove Jansson.

Les meir om kva oversetjar Anders Heger seier om Mummiteikneseriane.

Rita

2 kommentarer: