Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. februar 2012

The decision is: LOM FOLKEBIBLIOTEK!

Vakre roser frå gromme lånarar
Torsdag fylte sjefen år. Einsleg på jobb frå morgonen, ringde ho uvanleg oppglødd til ei frikvinne som enno ikkje hadde kome i gang med hybelkaninlokkinga. "Veit du kæ?! O Gunvor ringde rættnå! Oss ha vorte kåra te Årets bibliotek i Uppland 2011!!" Eg visste ikkje eingong at vesle Lom folkebibliotek var foreslått til noko slik, og noko blautt og framandt pipla fram i augekroken. Har vi skild oss ut i mengda -og det i positiv lei? Vi -med alle våre sprell og krumspring? For ei gebursdagsgåve! Dette kunne ikkje stemme -ikkje etter det året vi nyleg har lagt bak oss...

Fjoråret kjendest som ein klam straum av dårleg samvet som flaut gjennom kvardagen i seige, påminnande dønningar. Vi var underbemanna i fleire månader, magasinet bogna av bortstuva opphopingar ugjort arbeid, og sjefspulten på bakrommet flaut over av uorganiserte planar lugga ut av dei framleis akk-så-mørke krøllene til Sjefsvisa. Dei uendeleg mange seriane i hyllene våre skreik om påfyll, og tolmodige lånarar venta i undring på kva tid neste bok nådde avkroken nørst i dalen. Kaffiautomaten ved døra freste iltert med inntørka hals i protest mot elendig væskepåfyll, og blomane i karmen strakte dei nakne, lange halsane sin i taus bøn om å få dele ein drope med servitøren.

Stendig nye idèar...
Trass i tidsnaud, inntørka flora og halvferdige utstillingar, opplevde vi nok eit innhaldsrikt år i gammelprestgarden. Ikkje minst takka vera einmannsføretaket til sjefen, som etter kvart utvikla seg til eit svært så effektivt arrangementsservice. Kvar gong dei lange sjefsfingrane strauk gjennom sverkilen framme i luggen kom nye idèar dettande med eit klask i pulten framfor henne. Underteikna kunne ikkje anna enn å nøre oppunder alle påfunna -ein lyt då forsyne seg av det livet tilbyr! Vi spola gjennom ei mengd arrangement, somme utruleg vellykka, andre treng vi ikkje prate så mykje om. Men aktiviteten var høg og viskvinnene oppglødde. Alt frå stutte seansar i små lokalar og enkle bokpratar i lukka lag, til pr-stunt på store scener ikledd frakkfyrkla og store filttøflar, gjorde oppturane mange og minnerike.

Vi skulle neia djupare...
For ikkje å snakke om desse stramme karane som hjelper oss med å synleggjere biblioteket med sine store kunnskapar, formidable formidlingevne og lune veremåte. 3 vise har trykt Are, Even og Atle tett innåt barmen, og har ikkje tenkt å sleppe med det første... Are med stripa, Even med stemma og Atle med slekta -FOR ein trekløver! Hadde ikkje hofta protestert så iltert, skulle vi neia enno djupare...

Til sist den store Horden. Utan alle små og store lånarar av alle slag hadde ikkje biblioteket vore ein plass å vere for nokon av oss. Det er de som held hjula i gang, snur dagen frå stress til glede, gjer jobben vår til den beste av dei alle. De lokkar fram smilet, utfordrar oss på det vi vi så gjerne vil kunne meir om, og støttar oss når vi ein sjeldan gong held på å misse trua. Takksame og audmjuke vil vi halde fram med å gje dykk dei beste bøkene, dei gode leseopplevingane og dei fortrulege samtalene -det har de fortjent!

På bakgrunn av alt dette smakar tildelinga av Bibliotekprisen for Oppland så ekstra godt! Ein pris så totalt uventa, men du verda så morosamt! Tusen Takk til dykk alle!

Takksam bloggar: Merete

7 kommentarer:

  1. Vel fortent! Trivelegare bibliotek enn det på Gamle Loar skal ein leite lenge etter, om det i det heile finnst! Til lukke med tildelinga, kos dykk med den!

    SvarSlett
  2. Så artig at de følgjer oss på bloggen vår! Tusen takk for all støtte og oppmuntring! Eg gløymde forresten noko av det viktigaste: Sjølve huset, denne gamle byningen med sjel, som gjev sjelsro med all nostalgien som sit i veggane her. Vi er heldige!

    SvarSlett
  3. For oss brukere er det ingen overraskelse av dere er BEST!
    Hipp hurra for en velfortjent tittel! :-)

    SvarSlett
  4. Gratulerer masse, det har de fortent:) Artig òg at bloggen er nemnt!

    SvarSlett
  5. Vi blir så glade når folk legg att visittkommentar i bloggen vår -trass i at vi i tidsnaud av og til legg ut både skrivefeil og ymse anna vi burde halde oss for gode til (kremt...eg kjem ikkje til å rette opp feil som står att i innlegget over, då så mange allereie har lese...) Nok ein gong Tusen Takk for oppmuntring som gjev oss trua på det vi held på med!

    SvarSlett
  6. Ja, det kan jeg bare si at dette har dere fantastiske damene der i Lom så inderlig fortjent! Dere er i særklasse, så oppegåedne og flinke! Dere sprer masse leseglede og låner ut så masse, år etter år! I mai får dere selve prisen utdelt, i den rette settingen, under Litteraturfestivalen på Lillehammer!

    SvarSlett