Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 4. mars 2011

Orkanger

Orkanger av Johan B. Mjønes
"Alt stanser når jeg kommer. Blir stille. Vondt. Og derfor må jeg være for meg selv, derfor kan jeg ikke la noen se meg, fordi alt går i stykker når jeg kommer, og derfor er det at klassen min løper vekk, løper ut fra klasserommet før klokka er ferdig med å ringe, derfor er det at de løper så langt vekk de bare kan, fordi det er noe som går i stykker når jeg kommer. Og derfor er jeg alene. Derfor står jeg alene. Og så begynner det å smelte. Det begynner å renne. Det blir mildere. og jeg står alene, ved inngangsdøra, og ser våren komme."

Dette er historia om Terje. Terje som blir mobba. Terje som blir oversett. Terje som er heilt aleine. Terje som bekymrar seg for mor og far fordi han gjer dei triste. Som så gjerne skulle hatt ein venn. Ein einaste venn, så faren kunne visst det, om ikkje anna, så han slapp å puste så tungt. Og det er historia om Børge. Mobbaren. Som ser ut som ein engel med dei ljose krøllene som innhyllar ansiktet. Børge som har sitt å stri med. Børge som kokar.

"Det er da vel ikke min skyld. Det er da vel ikke jeg som gjorde alt. Det er så jævla urettferdig. Alt jeg gjorde, var å dynke med litt snø, det var de andre som holdt han, det var for faen ikke jeg som la han i bakken en gang, som holdt han fast, som holdt den lille dritten fast. Jeg rørte han faen meg ikke engang. Det var de andre, og det er så jævla urettferdig, det er så innihelvete urettferdig."

Johan Mjønes: Foto: Erlend Aas/Scanpix
I "Orkanger" møter vi dei to gutane som tiåringar, som vaksne og som eldre menn. Saman skal dei koma til å spela avgjerande roller i liva til kvarandre. Dette er ei bok om mobbing, om hemn og om korleis vi som menneske kan forme kvarandre. Om korleis opplevingar i barndommen kan prege deg heile livet. Om nyansar mellom svart og kvitt, til dømes i grønt som på omsalget. Vi får innsyn i offeret og i mobbaren sine tankar gjennom eit manande språk som gjev romanen intensitet. Forfattaren teiknar etter mitt syn eit truverdig bilete av både offer og overgripar. "Orkanger" er ikkje hyggeleg lesnad, men det er ei viktig bok om eit viktig tema som eg meiner mange burde lesa!

Elles har vårsola strøymt inn gjennom vintergrumsete glasruter i bokheimen denne veka. Resultata av brukarundersøkinga har tikka inn med oppbyggjelege kommentarar på slep. Og innimellom har det sanneleg mitt skaut vore klemmedagar med kanelsnurrar til! Vi ynskjer dykk alle ei helg med god oppdrift!

Bloggar: Rita

4 kommentarer:

  1. Trist tema, men viktig bok! Eg har sagt det før, men kan vel berre slå det fast på nytt: Dette er ein GOOOOD blogg! Eg les berre tre bloggar, og dette er ein av dei. Ikkje utan grunn.
    Vigdis
    (superanonym og superpositiv). :-)

    SvarSlett
  2. den skal jeg lese! takk for anbefaling.Nå er jeg akkurat ferdig med Ulvetid om Thomas Cromwell, og er litt i ingenmannsland hva lesing angår, så boktips mottas med takk! I nødens stund kunne jeg sikkert lest The catcher in the rye enda en gang, men problemet er at jeg sovner som en stein hver gang.

    SvarSlett
  3. Haha, har tenkt å lesa opp att Catcheren eg au, som vaksen... Men les gjerne Orkanger, fru Storlien! Elles er eg i gang med Fiolinane, ein dystopi...ikkje les ho viss du vil muntrast opp! Og du: Nedstörtad ängel av Enquist - på svensk! Ho vil du like!!!
    R

    SvarSlett
  4. Vigdis: Trudde eg hadde kommentert innlegget ditt, eg, men kommentaren vart visst ikkje publisert ooops...Men nå: Takk for det! Vi føler oss blant dei heldige utvalde som har slike gode lesarar som deg, Super-Vigdis:-)
    R

    SvarSlett