Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. mars 2011

Give me a hug!

Overrumpla av sjarm og rosande ord vart eg i dag sitjande som fjetra med hektiske bluss i kjakane og mindre kledeleg hakeslepp då dei første lånarane dansa inn døra. Ein høgreist, veldanna kar bøygde seg utan førevarsel frilyndt over disken og klemde eit vinterfriskt kinn mot min bleike kjerringkjake, medan han plasserte  ein gjærbakstduftande papirpose under oppstopparen min. "Because you`re worth it", seier reaklamen, noko eg av ymse grunnar aldri heilt har klart å ta til meg. Men dei rosande orda og den varme klemmen som vart min i dag, inkludert fersk, velduftande gjærbakst og strålande smil som takka bibliotekarane for gjerningar for og med litteraturen og folket, kjendest på forunderleg vis ekte og velfortjent ut. At dagen i dag seinare skulle vise seg å vera International hug a librarian day, gjorde ikkje situasjonen dårlegare. Tenk at ein lomvær brukte delar av føremiddagen sin på å handle godis av bakar Morten, for så å gje dette til ein utvaska, vintertrøytt bibliotekar saman med gode ord og opplyftande smil! Lykkeleg audmjuk let eg att augene, stikk nasen langt ned i papirposen og dreg den saftige, kanelsnurrande dufta langt ned i lungene -og lovar meg sjølv å invitere sjefen over på kaffe om litt... Med jantelova halde godt i hevd, er det nok fleire av oss lomværar som lyt øve seg både i å gje og ta i mot ros, så takk for denne flotte påminninga!

Utsynet frå bibliotektrappa minner også om at vi lyt på øve oss på noko nytt -i det minste nytt for året. Sola krek lengre og lengre nedover Lomseggen om dagen, og vi har til og med sett i solauga frå glasa inne i gammelprestgaren. Personleg er eg meir enn klar for å øve meg i å setje nasen mot den blå æva og la fine linjer i fjeset sleikje lækjande strålar frå den lysande, livgjevande kula midt på kvelven...


Blussande bloggar: Merete

4 kommentarer:

  1. Denne påskjønninga har dykk alle tre ærleg fortent. Eg har òg skrytt av dykk idag til praksislæraren min og medstudentane mine.

    SvarSlett
  2. Så pent sagt og gjort av deg, Kristin! Du veit, vi gjer no berre arbeidet vårt, men det er ein særs takknemleg jobb vi har! Du må sjå innom oss når du er på heimtraktene -så skal du få ein tekopp og litt velfortent skryt du òg :-)

    SvarSlett
  3. Døkk kjende døkk vel som Eldar Rønning og Martin Jonsrud Sundby i dag!Det er berre herleg å kjenne at ein har lykkast!!!

    SvarSlett
  4. Veit sanneleg ikkje om vi er heilt på høgd med Rønning og Jonsrud Sundby, men Lykka er rett så god å kjenne på, ja :-) Heia Norge!

    SvarSlett