Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. januar 2011

Holkeføre og bøker

Nå er den komen, den vinteren eg hugsar frå då eg hadde små born, med holke og "godvèr". Det var ikkje heilt enkelt, mange gonger, å koma seg på vegen, det vere seg for gåande eller bilande. Når ein da i tillegg ifører seg høghela skor på slikt føre i mogen alder, veit ein ikkje kva som kan skje (det har gått bra hittil). Nei, takke meg til kaldegrader og snø. Denne tida på året har alltid, for meg, vore eit fint høve til å dyrke interessa for bøker, bøker vart konsumert i alle rom i huset, liketil med ein unge på armen ståande ved komfyren for å laga middagsmat. Det er derfor eg no, etterat ungane har vakse til og flytt ut, har drista meg til å vidareutvikle interessa for bøker, ved å gå på Bibliotekarskulen. I skrivande stund er eg, som mange kanskje har fått med seg, ute i praksis her på biblioteket. Her får ein ei fin sjanse til å  nytta noko av den lærdomen ein forhåpentlegvis skal ha skaffa seg gjennom eit halvår på skulen. Det er ikkje vanskelege å troppe opp på denne arbeidsplassen, her er dei så imøtekomande og inkluderande at det er ein fryd å skulle "avtjene" praksisen her.

I haugen av bøker som har passert gjennom mine fingre og hovud, sit sjølvsagt nokre litt betre fast enn andre. Ein har òg ulike krav eller ynskje til litteratur ettersom korleis ein har det med seg sjølv, og andre i dei ymse periodane i livet. For mitt vedkomande gjekk det i yngre år, mykje i lettlest litteratur, som ein kunne slappe av med utan at tankane måtte arbeide for hardt, men ei og anna "seriøs" bok vart og medteken. Nå er ikkje eg så oppteken av at boka er rekna for å vera høgkulturell eller ikkje, det viktigaste for meg er at ho fengjar, er godt skriven slik at ein nesten ikkje kan leggja ho frå seg før ho er utlesen. To bøker som eg har lese i det siste, er i kategorien fagbøker, men likevel fengslande lesnad. Båe er av den amerikanske forfattaren Elisabeth Gilbert, der den eine er ein sjølvbiografi. Desse er skrivne med utgangspunkt i hennar eige liv, der ho tek opp viktige spørsmål rundt skilsmisse og ekteskapet som institusjon.

Kristin, dama med høghela skor

5 kommentarer:

  1. Er du heilt sikker på at desse høyrer til i kategorien fagbøker?

    Vert dessutan litt skremt av multitaskinga med både bok, born og matlaging. Hadde du tre armar den gong?

    SvarSlett
  2. haha, jeg kjenner meg igjen i det med bok ved komfyr! Har du forresten lyst til å komme på kaffebesøk når du er tilbake i Oslo?

    SvarSlett
  3. Har du aldri reflektert over brannsåra på armane, Atle? Fort gjort å hamne i den sorte gryte, veit du...;-)
    R

    SvarSlett
  4. Det hadde vore triveleg med kaffebesøk, ja.
    K

    SvarSlett
  5. Først den søte svie, så den varme suppe:)

    SvarSlett