Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 10. desember 2010

Sju hjarteslag

Nobels fredspris - hundre år for fred
Dei par siste dagane har to opplevingar sett det norske julestresset med raudglødande kredittkort, ribbehamstring, overbelasta støvklutar og iherdige bakstknoer eller dårleg samvit i mangel av slike, i perspektiv. Den eine er ei hending langt borte, nærare bestemt på Haiti, der det har vore opptøyer etter presidentvalet denne veka. Eit val som demonstrantane meiner var prega av juks. Som regel går slike nyhende stillferdig forbi, inn det eine og ut det andre. Det er så langt borte. Vi kan ikkje ta inn over oss alt elende i verda. Iallefall ikkje nå i desse kosetider. Det er fyrst når det er noko som vedgår oss sjølve at vi stoppar opp og tek det inn. På facebook publiserte ei av mine near and dear ones desse bileta denne veka: http://www.miamiherald.com/2010/12/08/1963079/fiery-protest-in-haiti.html#storylink=fbuser  Ho var ute på oppdrag i landet for å lære opp helsepersonell. Onsdag kveld sat ho innesperra på hotellet i påvente av at situasjonen skulle roe seg. Etter planen skal ho reise heim til familien i dag, men situasjonen er utrygg og flyplassane stengde. Ho følte seg trygg og var ved godt mot og kjem forhåpentlegvis trygt heim til familien også, men situasjonen for dei fastbuande som ikkje berre kan setje seg på eit fly og reise bort frå kaoset, fortonar seg nok langt verre. Eit apropos i dag som Nobels fredspris vert delt ut.

Om godhet - medfølelse i en selvopptatt tid
Den andre hendinga kom tettare på kroppen. Iblant tek livet uante vendingar. Bølgjedalane kan bli så djupe at du aldri trur du skal koma opp att. Å bu på ein liten plass og gå ut i dagen og møte alle menneska som kjenner deg og som du trur pratar om deg når noko leitt har skjedd, kan vera eit nesten uoverkomleg hinder. Det kostar å blotte sorg og fortviling. Det kostar å tape ansikt. Eg er glad for at du kom. Det er rom for tårer her i bokheimen og bibliotekvakta fekk anna å tenkje på enn sine små suter. Kva om fokus vart sett på å gjera sju gode gjerningar for andre, nært eller fjernt, som treng hjelp og trøyst og gode ord nå i desse førjulstider, i staden for å fylle kakeboksar? Ein telefon, eit besøk, ei koseleg helsing - det er ofte ikkje meir som skal te. Som viseleg sagt: Den største gleda ein kan ha.





 
 Bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Så var det disse tilfeldige eller ikke tilfeldige tilfeldighetene da. Fremdeles ganske nylig hjemkommet fra Nepal der jeg beveget meg blant tibetanske flyktninger i Everestregionen, og pratet ganske mye med noen av dem, bestilte jeg Tibetansk livskunst og livsvisdom fra en nettbokhandel for å ha den til odel og eie. Livskunsten og livsvisdommen altså:-) Og i dag pakket jeg den ut og bladret raskt gjennom slik man gjør når andre gjøremål står på gjørelisten. Det eneste jeg leste og husket etterpå var: Den beste medisinen er medfølelse.

    SvarSlett
  2. Og det var nok heilt sikkert det viktigaste også, Eldbjørg!
    R

    SvarSlett