Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. desember 2010

I denne søte juletid...

Det var kabelen som utløyste det. Eg tør påstå at eg svært sjeldan er sint, iallefall så det synest og høyrest. Kanskje vil sambuarane mine hevde noko anna, men det er fordi dei har så lita erfaring med verkeleg sinte folk. Trur eg. Men det hadde starta lenge før kabelen. Det var handleturen med full korg, lang kø og veslebror med raseriutbrot på grunn av ein sjokoladebit. Det var meg i varm dunjakke i same køen. Det var 14 bæreposar, ransel og gymbag å bera inn i bil og ut av bil med raseriutbrotet på slep. Det var eit kaotisk hus å koma heim til. Det var eit iskaldt kaotisk hus. Det var vedbering. Det var oppfyring. Det var middagen. Det var fisk. Det er alltid fisk på slike dagar. Det var attpåtil to slag fisk for å gjera til laks åt alle. Det var ein sjuk far som låg i senga som berre sjuke fedre kan (ja, eg veit eg var urimeleg, det er lov å vera sjuk, jada, jada). Og det var ein del anna gruff som Ali ikkje hadde greidd å kurere. Og så var det altså denne kabelen og nettet.

Vi hadde sett oss til bords, veslebror, syster og eg saman med seien og laksen og dei andre herlegheitene som høyrer til eit slikt måltid. Vi venta på den fyrstefødte. Medan eg ordna middagen, hadde eg også prøvd å ordne nettilgangen. Eg gjorde som PC befalte, drog ut eit par kablar, sette dei inn att og håpa på det beste. Det beste skjedde ikkje. Nettet heldt seg stabilt nede. Desperasjonen hjå fyrstefødte i sofaen vart påtakeleg. Han hadde hatt nett heilt til eg drog ut kablane! Diskusjonen vår kring nett ikkje-nett og moglege årsaker til ikkje-nett hardna til. Det gjekk i retning av at ikkje-nett var mor si skuld. Medan dette pågjekk, observerte eg syster. Ho hadde forsynt seg med ein mikroskopisk laksebit som ho sat og pirka i og mumla noko om at han ikkje var skikkeleg steikt (eg skal innrømme at det eine stykket nok kunne spasert inn på kva sushirestaurant som helst, jada, jada). Veslebror etterlyste pølsene, desse evinnelege pølsene, og nekta plent å smake på både sei og laks og andre herlegheiter. Da fyrstefødte uttalte i høge og klåre ordelag at det var eg som hadde øydelagt nettilgangen og at nettet skulle opp og gå før han, gardguten sjølv, åt nokon middag, var begeret fullt.

Alle tenkjelege kablar frå PC, modem og routarar eller kva desse remedia heiter, vart røska ut på mest brutale vis. All oppspara aggresjon, hagla utover middagsbordet så det storma i vassglasa og seien spratt i panna. Eg høyrde sjølv kor mykje tåpeleg eg hadde på hjartet. Dette auka aggresjonen ytterlegare eit hakk. Den fyrstefødte tok det til nye høgder ved å peike på kor forferdeleg barnsleg eg var som ikkje greidde å ta meg saman, eg var trass alt nesten 30 år eldre enn han. Mest av alt hadde eg lyst til å sveipe han og leggje han i ei krubbe på uforsvarlegvis. Syster flykta med den før omtalte laksemiddagen inn på jenterommet. Den minste søkte tilflukt i gangen og la seg ned på golvet der. Berre mor og den fyrstefødte heldt stand, side om side ved bordet, etterkvart i den allra största tysssssstnad, gaflande innpå med sei og raspa gulrøter.

Sjeldan har seien glidd ned på høgare kant. Sjeldan har den fyrstefødte skrapa tallerkenen så godt og attpåtil sett han inn i oppvaskmaskina på eige initiativ. Sjeldan vart kablar sett inn med så stor omhu og sjeldan vart det så forsiktig innrømt at det nok var dårleg kontakt med ein annan kabel som faktisk ikkje var enst av morshender, som hadde forårsaka problemet. Sjeldan hadde mor eit slikt utbrot utan å vera i nærleiken av tårer og sjelvande mål. Det var nesten så det ga meirsmak. Men i ettertid har eg følt på at det må vera ein samanheng mellom det engelske og norske ordet anger.

Det eg eigentleg skulle blogge om i dag, var alle dei fine dikta av meir eller mindre kjende lokale forfattarar eg har lese denne veka på jakt etter fjelldikt. Eg kan berre rå dykk til å saumfare lokalsamlinga vår, så vil de garantert finne små, fine skattar. Alle har dei noko godt ved seg, fine måtar å uttrykkje glede, sorg, kjærleik eller vennskap på. Berre prøv skal du få sjå! Her er ein nydeleg, liten smakebit frå diktet Juni av Ivar Haugen, like upassande i desember som sinneutbrot ved middagsbord i denne søte førjulstid. Så da går vi for det!

Juni er å gå i møte
med henne
ein blålummerkveld,
sjå henne varleg inni augo,
halda henne i handa,
røra ved ein kjole
og tru at gleda
aldri kan bli større.

RasandeRita, for tida harmonisk bloggar.

4 kommentarer:

  1. Nå fekk eg meg ein god latter, Rita! Dette var svært underhaldande, eg ser for meg heile seansen! Og...tenk at du HAR temperament langt der inne ein stad, det trudde eg faktisk ikkje...
    62,4 poeing!
    Helsing Vigdis,
    (som vanleg superanonym)

    SvarSlett
  2. Takk for dei 62,4 poenga! Du kan berre kvi deg, superanonym, heretter skal eg fore bitchen i meg...
    R

    SvarSlett
  3. Selvsagt skal man ikke le...men jeg gjør det likevel mens jeg fniser og nikker gjenkjennende. Det eneste som mangler for at det skulle blitt helt likt enkelte episoder her i huset er at mannen gjenoppstår fra de halvdøde med et lidende blikk og følgende spørsmål; kan ikke en stakkar være syk et eneste minutt før du tipper helt over. Jeg skjønner ikke hva i h....... du skriker sånn for.
    Og da er det på´n igjen...

    SvarSlett
  4. Han venta klokeleg til stormen hadde lagt seg før han stavra seg ut i stua og oppi sofaen...
    R

    SvarSlett