Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. oktober 2010

Ein raud ost til begjær!

Førre laurdag vart biblioteket fyllt av blide menneskje i alle aldrar som hadde ikledd seg nokre flotte T-skjorter med bilete av vår alles kjære G35 på. Det synte seg at dei hadde vore med på markeringa ved ysteriet der La G35 leve-stafetten med G35-bilen starta opp. Fortsatt prega av jetlag og tjukke kalorilag på hjerna, hadde ikkje den vakthavande omløp nok til å avbilde dei blide bibliotekgjestene. Men tre vise let det ikkje gå upåakta hen at osten vår er på alle lepper og forhåpentlegvis også innafor leppene i heile vårt langstrekte land om dagen. Vi har sjølvsagt gått til innkjøp av eit flott eksemplar G35 sjølve au. Han hevar smaken på dei tørre knekkebrøda våre betrakteleg. Ver obs på at det berre er ostar med produksjonsnr 164 som er dei ekte Gudbrandsdalsostane når du fyller handlekorga di for helga! God helg med G35 til alle måltid, på skiva, i sausen, i kaka, på kjeksen, til nattmaten. Med ynskje om ei god og raud helg!

Mel: Teddyen min

Av bestemor fekk eg ein vane
på skiva mi da eg voks opp.
Alltid med eit smil
med kakao til
fekk eg raudost
så god og så mild.

Sjå på vår vesle raudost du,
han vandrar rundt på bordet nu,
der stoppar han hos veslebror
som vil ha skiva kjempestor.
Storebroren maular rått,
syster rullar han så flott.
Det er ein hundråsekstifir
viss du skulle ver i tvil.

Han kjem kj frå Sogn eller Kina.
Han kjem kj frå Moss eller Wien.
Han er ein ekte døl,
det seier vel seg sjøl
at han kan kj ver
made in - Hobøl.

Sjå på vår vesle raudost du,
han køyrer rundt i landet nu.
Der køyrer han litt rundt omkring
for å syne kvar han høyrer til.
For ekte vare vil vi ha
det gjer oss alle saman glad.
Dølaosten han er best.
Berre prøv å ta ein test!

Rita raudostbloggar




2 kommentarer:

  1. Om du e’ trønder eller døl,
    lægg du brunost på ei fjøl
    Tar fram høvel’n, å veit at i livet.
    E det lite som slår,
    å mèr glæde mainn får,
    einn ei karamællsøt brunostskive.

    For har itj vi aill,
    både kjærring å kaill’,
    vorre onga tebakers i tia.
    Å kjeinnt det va topp,
    me nå’ varmt i en kopp,
    å ei brødskiv me brunost på sia.

    Nei, de’ e’ itj nå tvil,
    at'n lokke fræm smil,
    hainn G fæmåtrædve fra ’Dal’n.
    Når dæm kjøre’n omkring,
    e det slætt ingenting,
    som e mèr nostalgi einn deinn kar’n.

    Med sola som stråle,
    - fersk kaffe på bålet,
    det e’ væl ei nydelig lukt.
    Men det bæste det bli,
    Lom & Skjåk ysteri,
    å dufta der osten bli kokt.

    Mitt ønske det bli:
    Tine Meieri-
    itj å ød’lægg på groinn av profitt’n!
    Premierte ansatte,
    som drekk kaffe – itj ’latte,
    Dæm har hjærte av brunost i midt’n!

    Go' brunosthælg! c",)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for ein framifrå kommentar!!! Så arti at trøjnnera åsså hi følelsa førr vår alles kjære! Kanskje vi må starte ein rimsmed-stafett au? Go raudosthælg:-)
    R

    SvarSlett