Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. oktober 2010

"Cowgirls og skæillturklaførkjo"

Ei fastgrodd, småpatriotisk smedfruge kan berre akke og oje seg over dei overjordiske skildreria til den verdsvante sjefen desse dagane. Det strir mot naturen å klyve opp i svaiande skyskraparar og godte seg over luftige utsyn over travle verdsmetropolar for ein knapt halvannan meter lang vårdøl som blir småfull berre ho stegar opp på vetlkrakken heime. Hektiske storbyar med leven og ståk står heller ikkje på ønskelista for den som krek oppom fjellskrenten i baksida attom Smiugjelsbyrøygarden når ein skal feriere. Men at dama har hatt ein viktig tur og ei flott reise -jau, det ligg tjukt utanpå henne. Alt frå den staslege cowboyhatten over luggen til dei kunstferdig lakkerte tåneglane under ullabbane vitnar om store opplevingar frå ei anna verd med stort mangfald både kva natur, kultur og menneske vedgår.


Og ein let seg sjølvsagt imponere over alt vår strålande cowgirl så levande fortel om dagane ho fekk oppleve på andre sida av vatnet, medan heimesitjaren tenkjer stille attende på sine anar. Det blir messom så ynkjeleg å skryte av "skæillturklaslekta" si i ein slik samanheng, men vi er no skjønt einige i at vi kler dei rettmessige hovudplagga våre på kvart vårt vis, vi to vårdølane...




Attende til det skrevne ordet har tørklebloggaren denne helga trist konstatert at ho har lese ferdig heile "House of night"-serien, og innser at tatoveringar og indiansk visdom har gått inn ein ny dimensjon for lesaren. Det blir ei utfordring å finne fengjande nattelektyre etter dette, men med dagleg rydding i hyllene våre blir det vel ei råd. Om ikkje anna kan eg følgje tipset til ein av våre trufaste, mannlege lånarar, som i dette tilfellet ikkje vil stå fram med bilete i bloggen (trass i at han er av typen som kler alle slags hovudplagg...). Jostein Aakre har fordøygd mang ei krimbok dei siste åra, i tillegg til at han er super attendemeldar for oss når det gjeld nye fantasybøker.

"Hypnotisøren" av Lars Kepler har gjort inntrykk på Jostein med sitt skremmande, absurde plott. Dette er den første av ein planlagt serie på 8 bøker, og Hypnotisøren gjorde stor suksess då den vart gjeven ut i heimlandet Sverige. Ein 15 år gammal gut er tilsynelatande den einaste overlevande etter eit brutalt massedrap av ein heil familie i Stockholm, og han ligg hardt skadd og sterkt traumatisert på sjukehuset. Kriminaloverbetjent Kepler finn derimot ut at familien også har ei ukjent dotter, og set alt inn på å finne henne før mordaren. Han overtalar overlege Bark til å hypnotisere guten for å finne ut om han kan fortelje meir om kva som skjedde drapsnatta, og informasjonen guten gjev under hypnosen er mildt sagt overraskande og fører etterforskinga inn på nye vegar. Jostein likte denne boka særs godt fordi forfattaren vrir plottet heile tida, og held spenninga heilt fram til siste side. Absolutt å anbefale for sure haustkveldar!




Tørklebloggar: Merete

3 kommentarer:

  1. Må få lov å minne om det aular av skeillturklagen under cowgirlhatten au!

    Anonym cowgirl

    SvarSlett
  2. Likte også House of night! Bok 8 kjem på engelsk over jul. http://synne77.blogspot.com/2010/05/multiple-guy-problems.html

    SvarSlett
  3. Ja, men då har eg ikkje lese ferdig heile serien likevel, då! Blir berre å hekte seg på vidare, ja :-) Takk for tipset, Synne!

    SvarSlett