Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 15. oktober 2010

Til aust for horisont og vest for tida

Eg kan ikkje fordra å vente. Eit utslag av dette er at eg alltid kjem i siste liten eller litt over. Så også denne skoddetunge, grytidlege morgonen da den store reisa mi skulle ta til. Amerikakofferten var pakka med alle atterhald, og alt frå bikiniar til store ulljakker låg jamsis og like og gjorde han i tyngste laget. Avstanden til busstoppen er omlag 150 meter i luftline, men luftlina går beint ned med ei helling på altfor mange prosent for transportering av stor amerikakoffert på doggvått underlag. Eg ville ta bilen. Men så var det denne skodda som hadde klistra eit trassig islag på bilrutene. Og så var det denne skrapa som aldri er der når ein treng ho. Og så var det desse skjøre CD-covera. Og så var det klokka som tikka så altfor fort mot bussavgang. Eg måtte ta luftlina med koffert og stor reiseveske over skuldra og såg for meg skrekkscener med meg sjølv og koffertinnhaldet liggjande spreidd for alle vindar i den loddrette snarvegen. Det ville vore for gale om reisa skulle strande her allereie før ho hadde begynt.

Dette var nok den største utfordringa eg støytte på under heile turen. Men føtene var lydige og heldt meg oppreist, og bussen var snill og kom litt over tida. Resten av turen var alt i rute, inklusive meg sjølv. Eg har reist mykje lenger enn ein kan med NSB og opplevd mykje! Det let seg ikkje presse inn i ein kort blogg og det er heller ikkje meininga, men kanskje kjem det små drypp etterkvart om eg finn det for godt. Det fyrste vesle dryppet kjem frå flyturen over Atlanteren som eg delte med Magnhild Bruheim og boka "Det som ein gong var". Medan flyet susa vestover, reiste eg attende i tid, nærare bestemt til nabobygda Skjåk på 60-talet. Her får vi ta del i ein oppvekst der vi møter ei livsglad jente i overgangen mellom barn og vaksen. Vi møter også ei vaksen kvinne i nåtida som skal selja barndomsheimen. Boka er fylt av humor, glede, stoltheit og vakre minne frå ein god barndom. Men som alle trygge og sunne barn, testar denne jenta også ut grenser, ligg i konflikt med systrene, opplever vonde kjensler som sjalusi, misunning, anger, redsle og til slutt ei stor sorg.

Det slår meg kor moderne livet i nabobygda arta seg på 60-talet. Dei hadde danseskule der dei lærte å twiste! Dei var fullt oppdaterte på siste klesmote. Dei var fortrulege med meditasjon og smurte knea sine inn med margarin for å gjera dei rundare! Og jammen skulle dei ikkje arrangere missekonkurranse også! Dette synte seg rett nok å vera ein spøk, noko som hovudpersonen Live og venninne hennar sjølvsagt irriterte seg greselaust over. Personleg vart eg litt letta, for det må da vera måte på kor mykje bleikare oppveksten i nabobygda arta seg tiåret seinare. Men sidan vi var litt treigare her aust, kunne eg hugse mykje som eg eigentleg hadde gløymt og fekk ein del aha-opplevingar. Det var slik det var, ja! Moro!

Boka er som livet sjølv og kallar fram både latter og tårer. Utan å røpe for mykje, var det skuldkjensla som hovudpersonen opplever i slutten av boka som gjorde sterkast inntrykk. Det slår meg kor mykje skuld og skam barn legg på seg. Det gjer meg lei meg og litt opprørsk. Denne jenta i boka skal ikkje føle skuld! Ho er ei sunn og frisk jente som oppfører seg slik trygge tenåringar skal gjera. Men som så mange barn dømmer ho seg sjølv så hardt. Boka fengar og eg gler meg på fortsetjinga. Eg tykkjer du har god grunn til å vera stolt av boka di, Magnhild!


Rita reisebloggar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar