Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 3. september 2010

Teie er gull

Som dei fleste andre veker har også denne vore prega av små og litt større opp- og nedturar. Denne gongen har nedturane vore av det fysiske slaget. I løpet av veka har eg måtte svelge at røysta mi er "trong", at hofta mi er mistenkt for å innehalde spor av artrose, og eg har høyrt ei velkjend murring på iltert italiensk frå Mr. Lumbago. Han prøver på ny å ta bustad i meg. Dei to sistnemnde skavankane seier mest om ein aldringsprosess som i seg sjølv er nedbrytande nok å tenkje på, men som trass alt ikkje klarer å rokke ved mitt mentale eg. Da er det trast verre med den tronge stemma.

Eg og viskvinne Merete la ut på langtur til Lillehammer onsdag. Vi skulle på kurs i stemmebruk og presentasjonsteknikk. Viskvinna i passasjersetet prata muntert og uanstrengt utan å ofre det nært foreståande kurset ein bekymra tanke. Ho er på heimebane når det gjeld presentasjon. Sjåføren er så desidert på bortebane. Jo nærmare byen vi kom, jo meir tilsnørt og ordknapp vart bondepika bak rattet. Kurshaldaren var frå den beste vestkant i hovudstaden, chic, smart, oppflaska på stinn sjølvtillit. Namnet var Barrat-Due. Ingenting gale sagt om ho, tvert om, dama var dyktig, men auka ikkje sjølvkjensla hjå ein ørliten sjef med presentasjonsangst. Vi skulle lesa dikt. Eg hadde raska med meg ei bok med fjelldikt som vi hadde øvd oss litt på i lydstudioet på bakrommet tidlegare i sommar. Eg hadde fortrengt kurset så godt det let seg gjera og plukka i minutta før eg skulle i elden ut eit tilfeldig, dystert dikt av Tor Jonsson. Sjølvsagt var det også eit vanskeleg tilgjengeleg eit som eg ikkje heilt forstod alle botnane i. Men eg tykte eigentleg det gjekk nokså bra, skjønar de. Eg følte verkeleg at eg la sjela i det og at stemma heldt utan at all nervøsiteten velta ut av gapet, ut i rommet og inn i hjernevindingane hjå tilhøyrarane. Eg måtte lesa diktet femten gonger. Det var ikkje grunna halleluja-stemning! Barrat-Due pirka berre forsiktig med nebbet, ho skjønte nok at det var ein sart skapning ho hadde å gjera med, og turte ikkje ta fram den verste hakkespetten i seg. Etter 15. takning konkluderte ho med at stemma var litt trong, og at ho nok eigna seg best til dystre dikt (les: i einsemda på kammerset).

Halleluja-steminga kom med Merete. Ho er eit naturtalent og las Olav Aukrust så nakkehåra reiste seg og Barrat-Due flaksa henrykt med vengjene! All ære til skodespelar-viskvinna vår! I bilen heim konkluderte vi med at vi må drive med det vi er best til på jobben, da blir resultatet best! Bloggstemma mi er herleg lydlaus!   Rita

PS: Takk til kurshaldaren for eit lærerikt og nyttig kurs! Det var faktisk veldig bra! Men litt godarta harselering må vel ein trongstemt bloggar få lov å unne seg post festum!

9 kommentarer:

  1. Du skal få lesa dikt for meg, du, Rita!! Eg skal syrgje for halleluja-stemning i retur! (men kanskje skal du finne eit litt meir kvekt dikt enn ein dyster Tor Jonsson...og kanskje må eg drikke eit par ølboksar før eg orkar høyre på denne tronge stemma di...men DA, ser du, skal eg halde det ut, hahahaha!).
    Jælma triveleg, sympatisk og oppmuntrande helsing
    frå Vigdis (superanonym).:-))

    SvarSlett
  2. Tusen takk, superanonyme Vigdis! Eg kan lesa eigne dikt for deg og dei skal kun lesast med ei veldig trong stemme! (Deler vi på boksane blir ho radt for vid!)
    R

    SvarSlett
  3. "...og las Olav Aukrust så nakkehåra reiste seg og Barrat-Due flaksa henrykt med vengjene" - et herlig bilde! Takk for at du delte denne opplevelsen med oss andre som også til tider kan bli trang i stemmen og skjelven i knærne.

    SvarSlett
  4. Godt å høyre at det er fleire i same båt! Fint å kunne vera ei stemme for dei trongstemte!
    R

    SvarSlett
  5. RITA:Takk gud for at ingen æ lik - e æ så gla for at du æ råååå-go på blogging e !!!!!

    MERETE: Keinn du kje invitere til diktlesing?? Ha vårre så artigt å ikkje minst lærerikt at du ha delt tå din kunnskap??? Da ha e kåmme mæ ein gong !!!!

    :-))

    Ha ein riktig fin dag
    Helsing Gerd Mona

    SvarSlett
  6. Trur vi må utfordre Rita på litt diktskriving eg, Gerd Mona -då kan vi prate om lyrisk aften med framføring, ja! Men kunnskap...?

    SvarSlett
  7. Men da blir det diktlesing og øl, da! :-) Gerd Mona og eg vil gjerne høyre på to ulike diktlesarar, ei med trong stemme og ei utan. Dei er JÆLMA GODE på blogging alle desse tre viskvinnene, altså - men eg lurar på på kor vise dei eigentleg er, heheehooohihi!
    Uhyggeleg helsing
    frå Vigdis

    SvarSlett
  8. Ja, men kjære Vigdis -eg HAR da stemme eg òg!!! "...ei med trong stemme og ei utan..." ? Dette andre har vi ingen kommentar til...

    SvarSlett
  9. Takk for gode ord, Gerd Mona! Dei vise veit kor lite dei eigentleg veit, Vigdis. Vi er vel der...Dikta mine får de aldri!
    R

    SvarSlett