Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. august 2010

Ti slitte skor utan sløyfer på...

Kvasse regndropar nedetter nakkegropa, gåsehud rundt stikkande leggstubb, krampehutrande frostrier og stivna fingrar...brrrr, fram att med haustfrakken! Han har visst vore på visitt, sommaren, -vi er jo kledeleg brune rundt ankler og handledd, men kaldt alt nå da, gut?? Ja, ja -det er da så vidt ein får sprengt att glidelåsen på den vindtette i år au -knepet er jo å dra jakka eit usynleg hakk opp, over det drugaste partiet, så ser ho ikkje så trong ut... Best er det lell når ein kan låse seg inn på arbeid, fyre i gang traktaren bak gardina, og hengje av seg tvangstrøya bak magasindøra. Då kan ein til og med bøye seg ned og knyte godt på seg skoa utan tanke for om tyet held i saumane...men, kva skodar då mitt auge?? Nyrydda magasin byr på uante funn!


For 4 år sidan fann Reidar Marstein, ein lokal fjellvandrar med store historie-kunnskapar, eldste skoa som er funnen i Noreg nokon gong. Ikkje på magasinet vårt, men ved Kvitingskjølen, i nesten 2000 meters høgd, hadde snøsmeltinga bredd fram den 3400 år gamle og usedvanleg godt bevara skinnskoa, og tankane kunne berre spinne seg attende og fantasere om den som ein gong hadde skoa på foten, kva for klede han hadde på, kva for mat han hadde i taska og kvar han budde... Tippar at spreke herr Marstein var ikkje så reint lite audmjuk der han stod på toppen av norsk natur med historia så nær innpå seg. Flott, Reidar -vi ventar på fleire funn!

Då er nok mitt magasinfunn litt mindre historisk i så måte, men eg let meg likevel imponere! Under alle dei støvfrie hyllemetrane med bøker står par på par med meir eller mindre slitte sko lekkert opplina, som om vi skulle vere ei heil mengd tilsette i biblioteket? Eg hufsar opp att den lite kledelege hakesleppen og tenkjer på dei to par skoa eg sjølv har heime -attåt dei eg brukar til og frå og jobb... Men naturlegvis må ein sjef ha mange føter å stå på, det skjønar også eg, så då får det berre stå si prøve at ho dominerer magasingolvet så gildt. No er dessverre undersåttane mine av ein slik storleik at det ikkje nyttar å tjuvlåne noko av herlegdomen heller, om sjefen ligg i hoste ein dag (det gjer ho før øvrig aldri, heller...) Det hjelper jo ikkje å bli med Reidar på tur heller, for han kan jo ikkje ta med skoa han finn...

Nei, då er det mykje meir tilfredsstillande å fordjupe seg i den nye asken med Kulturfondbøker for barn og unge! Ny praktbok frå Stian Hole, flott fuglebok med fuglekvitrande cd attåt, samt isbjørnbestemødre som er "eldre enn tennene sine og yngre enn navlen sin" er blant godisane borna og underteikna kan kose seg meg på hustrege kveldar framover. Og sjølv om skoa ikkje korkje er kvite eller har snodige sløyfer på -kos dykk med Rita (...Eriksen denne gong):

Berrføtt bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Du bør bli betre kjend med skoa våre, bloggar! Så mange føter å stå på har eg nok ikkje. Men musikkvalet, sjå det var prima!
    WannabeEriksen denne gong

    SvarSlett