Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. august 2010

Be happy for svingande!

Vi innrømmer det glatt! Vi slit med å koma over Arne. Avslag-Arne for svingande! Men som dei empatiske bibliotekarane vi likar å framstå som, er vi er jo sjølvsagt fulle av forståing. Han har det travelt, Arne, ikkje fleire reisedøgn, Arne og det er langt til Lom, Arne. Vi forstår. Men det tek kraft og mot å kvinne seg opp til nye friarferder, vi hadde så vakre skrivekursdraumar, Arne, så denne veka har vi berre sleikt såra og har ikkje hatt ork til å byggje nye draumar om andre kule kurshaldarar. Over helga skal vi leite etter blanke ark og kulørte stifter og freiste lykka på ny.

Sidan denne bloggen har starta i det ulykkelege hjørnet, held vi oss like så vondt der. I sommar las eg ei av dei tyngste bøkene eg har lese, "Jeg vil ikke dø, jeg vil bare ikke leve" av den svenske debattanten og skribenten Ann Heberlein. Ho har diagnosen bipolar type 2 (manisk depressiv), og i denne boka skriv ho ope og sterkt om sine mørke stunder, om livet som til tider kjennest uuthaldeleg, om tristessen, det stygge livet, det dumme, alt vi ikkje forstår. Ann lever eit tilsynelatande attraktivt liv med mann og tre barn, fullført doktorgrad, velfylt telefonbok og har det meste som høyrer til i eit såkalla vellykka liv. Dette vellykka livet som mange misunner ho, blir ei ekstra belastning i dei tunge stundene. Ho føler ei sorg ho ikkje har rett til å føle, ho som har alt. Her er nokre tankar frå venterommet på St. Lars og om den skjøre lykka:

"I venterommet på St. Lars er vi alle like. Mennesker, verken mer eller mindre. I lyset fra den psykiatriske legevakten finnes ingen titler. Fyllefanter og professorer, hjemløse, forgråtte tenåringsjenter, folk som sliter med midtlivskriser...Der sitter vi, menneskeavfallet. Så satans mye angst samlet på knappe seks kvadratmeter...I venterommet på St. Lars er vi alle like. Det er ganske vakkert."

"Som såpebobler er den, lykken. Skimrende, uoppnåelig, så vakker, så skjør. Den går så lett i stykker, lykken. Kanskje den likevel ikke er så mye å ha, lykken. Den tåler ikke mye. Lykken."

Bloggaren takkar Ann og andre djerve skribentar som deler sine inste tabutankar med omverda. Det er viktig for andre som slit psykisk at nokon er opne kring problema sine. Psykiske lidingar bør ikkje vera meir tabubelagte, meir prega av skam og mindreverdskjensle enn annan sjukdom. It's only human!


I helga trassar tre vise alt som kan minne om haust og kulde. Vi skal ha verandaball samma rakkern. Og vi skal nok halde varmen, så det så!

Bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Synd mæ`n Arne. Men døkk fæ berre leite viare :-)

    SvarSlett
  2. Ja, vi føler oss litt som Karius og Baktus etter tannlegebesøket nå.

    SvarSlett