Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. august 2010

Livet i Huset på Prestgardshjørnet

Juuhuu, endeleg fulltallige att! Og med sjølvaste sjefsugla godt støtta opp mellom oss småvise gaukungane går vi hausten trygt i møte. Det viser seg at alle innimellom treng nokon og støtte seg på - og for å understreke dette har vi altså blant anna faste personalmøter kvar måndag etter stengetid.  Gårsdagens møte fann stad ute i den gamle prestegarden (eller Huset på Bjørnehjørnet kanskje, som det heiter huset til Ole Brumm i Hundremeterskogen), vi var velsigna med sol og sommar, og ei svært lang sakliste skrive på opptil fleire gule lappar. Ugla sjølv skreiv referat i boka si, her skal alt dokumenterast og følgjast opp. Morellar og druer gjekk ned på høgkant medan ugla gjekk gjennom alle postane på lista si.

"Men Ugla pratet i vei, og han brukte lengre og lengre ord, helt til han til slutt var tilbake der hvor han begynte. - (Ole Brumm)


Den fyrste store viktige posten var skulestarten  i dag. Alle elevar ved vidaregåande skule låner nå lærbøkene sine av skulen, og vi ordnar utlåna til "våre" 110 elevar. Dette skjer fyrste skuledagen, og er alltid noko hektisk, sjølv ugla flaksar litt ekstra dersom ikkje alt er som det skal vere.
Vidare bestemde vi oss for at tidlegare omtala studietur skal realiserast i haust. Sjefen fekk nesten frie tøyler til å bestemme kor vi skal valfarte. Vi to små ymta berre såvidt frampå om at Trondheim er ein særs triveleg stad på jord, så får vi sjå om vi får gjennomslag... 
Ellers vart vi mellom anna bedt om å tenkje på forslag til arrangement her i haust, vi fekk glytte på programmet for bibliotekdagane på Lillehammer i september, vi fordelte meir støvtørking, resterande feriedagar gjekk fort da både sjefen og den siste-vise kryssa av i almanakken for større og mindre utanlandsreiser, alle laurdagane fram til jul vart bemanna, og den mellom-vise fekk ansvar for all organisering av lånekort og informasjon til Loar barneskule sine 29 fyrsteklassingar.

Timen i sola gjekk fort, morellane og druene vart burte, men motivasjonen for haustens utfordringar og artige stunder steig til nye høgder. Det er godt og vere i gang att!

Nøff gikk forsiktig nærmere Brumm bakfra. 
"Brumm", hvisket han.
"Ja, Nøff", sa Brumm.
"Ingenting", sa Nøff og tok labben hans;
"Jeg ville bare være ganske sikker på at du var her".
(Ole Brumm)
 
Vi ynskjer små og store lykke til med skulestart, og gler oss til døkk kjem innom!
 
 
Ole Brumm-bloggar: Aud

2 kommentarer:

  1. Å , det er så koseleg å komme inn på besøk til dere . Stråler godhet av dere alle tre . Utfyller hverandre på en så god og lun måte . Vet ikke hvor mange ganger jeg har lest igjennom bloggen , men det er ikke få . Å, ikke minst alle bøkene jeg har lest etter anbefalinger fra dere . Så tusen takk skal dere ha . Gleder meg til neste innlegg og ønsker dere en god start etter sommer ferie ! :))

    SvarSlett
  2. Ååå, kor det sprengjer i bringa når ein får slike attendemeldingar som dette, du kjære anonyme! "Godheit" var eit vakkert ord for våre humoristiske intriger utbretta på nett :-) Og så flott at du har funne fram til bøker etter innlegga våre! Du er hjarteleg velkomen innom oss dersom du er i Lom nokon gong -dersom du ikkje er ein av dei som bur midt blant oss, då...?

    Ønskjer deg ein strålande haust!

    SvarSlett