Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. august 2010

Friarar er vi om vona er lita...

Denne veka har stått i frieriet sitt teikn, og bloggaren kom til å falle i stavar over ordet og tydinga. Var det ikkje sjølvmotseiande? Her måtte det til eit oppslag i etymologisk ordbog. Der går det fram at ordet kjem av det gotiske frijôn, oldnorsk frjâ, som tyder elske. Så veit vi det! Vel, iallefall har vi tre i lengre tid budd oss på å skrive friarbrev eller kanskje rettare bindarbrev. Saman med alle e-postane etter ferien, dumpa det nemleg ned ei hyggeleg overrasking i form av 10.000 blanke prosjektkroner frå Oppland fylkeskommune. Kronene skal brukast til skrivekurs for ungdom i distriktet, og vi vil veldig gjerne lenke Arne Svingen til kurset. Tittelen er allereie klar, Arne for Svingande! Vi har lese oss til at han er veldig vanskeleg å få napp hos, bit berre på 10% av agna. Vi har tenkt så det knakar i dei vise hovuda våre, og etter alle kunstens uskrivne reglar forfatta vi onsdag brevet. Eit godt, gammaldags handfast brev, rett nok skrive på personal computer, men sendt i konvolutt med den sirlegaste ungjente (!) handskrifta vi kunne trylle fram or dei giktbrotne fingrane våre, dei vi nå sit og kryssar for at vi skal bli blant dei heldige utvalde.

Det andre frieriet som har gjort inntrykk denne veka, er det frå unge Johannes Krog som stamma så skrekkeleg at han ikkje hadde for vane å prate seg bort. Friarbrevet er stila til Ærede Husjomfru Sara Susanne på Kjøpsvik i Vesterålen. Eg kom over frieriet i boka Hundre år av Herbjørg Wassmo som i bloggande stund ligg på nattbordet mitt, og det lyer som følgjer:

Ærede Husjomfru Sara Susanne Bind Lind

Man har fornøyelsen av å be om Deres vesle hånd
til ekteskapelig ledsagelse i gode og onde dager.
Dokker skal på ingen måte angre eller lide nød dersom
Dokker sier Ja! Det kan nevnes at man snart 
har avgjort kjøp av Havnnes handelssted etter han
Johan Ursin og dermed ikke er uten midler og hus.
Og: Tør man be om diskresjon i fall svaret er
Nei?


Dokkers hengivne
Johannes Irgens Krog,
Jekteskipper


PS: Unnskyld skriften, man er mest vant med å skrive tall.

Med eit svulmande hjarte let eg friarbrevet tale for seg. Det skal nemnast at Sara Susanne ikkje vart like bedåra som bloggaren. 

God fri - friare - frierihelg!

...nynn om a Berit så får du bloggen av Rita

4 kommentarer:

  1. Den som intet våger intet vinner! Lykke til med skrivekurs for ungdommen, og håper dere får Arne Svingen på besøk!

    SvarSlett
  2. Takk fru Storlien! Det håpar vi au!

    SvarSlett
  3. Døkk må si frå ner døkk fæ svar frå Svingen da. Håpa døkk fæ positivt svar :-)

    SvarSlett
  4. Ja, vi ventar i spenning! Viss han svarar på same vis tek det nokre dagar med posten, veit du;)

    SvarSlett