Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. april 2010

"Jeg velger meg april..."

Underteikna har etter at den nye arbeidsplanen vart gjeldande i gammelprestgarden stort sett vorte tildelt kun èi oppgåve på skjemaet sitt : utstillingar. Denne nemninga går att kvar gong eg glyttar på planen etter endt helgefri, og eg blir kvar blåmåndag ståande eit bel på bakrommet og stire på det stilreine skjemaet medan eg ventar på at inspirasjonen og kreativiteten skal gli ut av planen og sige inn i den vasne grauten av minne frå eit forrykande utstillingskurs fleire år attende i tid. Ein teknikk som utan unnatak aldri er til nytte. Eg fyller difor kaffekoppen med gruff før eg pliktoppfyllande dreg på meg eit avslappa, tilfreds smil og trakkar ut mellom reolane for å leite febrilsk etter nye emne som eignar seg til pynt på ledige plassar rundt om. Og Sjefskatta pustar kvar gong uvitande letta ut over at ho har treft så godt med ansvarsfordelinga i det gilde personalet sitt, medan ho tråklar vidare på nye utfordringar...

Denne veka gjekk derimot oppgåva leikande lett: Det er april, Bjørnson-jubileum står for døra, og sjefen lirar av seg det eine storslegne Bjørnsonsitatet etter det andre, medan forfattaren sjølv stirrer myndig mot oss frå svære plakatar som har kvilt ei ri på det ryddige skrivebordet til Monsine. Det var i grunnen med lett hjarta eg sopte saman att bøkene etter påskekrimutstillinga, som vart eit sørgjeleg kapittel på utstillingsfronten vår, og duka fram dei verdig stilige dokumenta av og om Bjørnstjerne Bjørnson. Den 26.april er det 100 år sidan forfattaren døydde, 78 år gammal, og dette skal markerast i gildt monn framover. For spesielt interesserte har vi også fått låne ein del artiklar og flotte bilete av ei lokal eldsjel i høve jubileumet.

Det var messom på tide å gøyme att påskebøkene frå skranken også då vi kom att etter ferien, og etter som leseåret er godt i gang, slår vi like godt eit slag for Ordet. Sitat, ordspel og humoristiske uttrykk ligg i haug ved sidan av skrankevakta, og er du oppe tidleg laurdag, kan du sikre deg ein godbit å humre over i helga -til glede både for deg sjølv og dei måtte ha å dele dei med! God helg!

Kledeleg rosa bloggar: Vetlpurka

2 kommentarer:

  1. Konstaterer at kjær sjef har mange namn.

    SvarSlett
  2. Ja, det skal vere visst -og ho kler dei alle like godt (eller snur rompa med vinden, rettare sagt...)Hi-hi :))

    SvarSlett