Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. april 2010

I got my poetry to protect me

Våren er over oss. Etter den lengste vinter i 3 vise kvinners minne, kjenner vi endeleg at dei giktbrotne skrottane våre er på tur til å tine opp og at livstrua på nytt bryt gjennom tela og tvang. Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter som salig Bjørnstjerne sa det. Det måtte vera dei vårlege vindane som har feia over den gamle prestegarden den siste tida som førde til at den eine vise plutseleg forsvann sporlaust ein dag i førre veke. Ho har det som kjent med å bli lita som ei teskei iblant. Etter fleire timar med intens leiting fann vi ho ømt i rytmer nagla fast lengst inne i poesien si skjønne verd. Ho var ikkje til å kjenne att. Det bleike, trøytte draget som har hengt over ho i heile vinter var borte. Ho stråla omkapp med vårsola og oppglødd deklamerte ho den eine lyriske perla etter den andre. Vi to andre let oss ikkje be to gonger, og med eitt var poesien si verd invadert av vise kvinner.

I denne verda vart vi tankefulle, opp i under over kor fint noko kan seiast, vi lo og tulla og når orda trefte oss der det gjer aller mest vondt, fekk vi plutseleg eit akutt behov for å inn på bakrommet og rydde oppvasken. Resultatet av turen vår til denne vakraste av verder, var at lyrikkhylla vår vart ryddig og innbydande, vi fekk utvida horisontane og vi fekk eit sterkt ynskje om å dele desse bøkene og orda med dykk der ute i den prosaiske verda. Vi ynskjer med dette å hylle Tusten (Fuglane - Vesaas) og alle andre poetiske sinn som kavar i den statusjagande verda der pengar, prestisje og plastikk styrer dagane.

Og overskrifta er henta frå songen I am a rock (I am an island) av poeten Paul Simon eller Eg er ein rokk, eg er frå Island - fritt omsett av bloggar Rita

http://www.youtube.com/watch?v=PKY-smJ6aBQ

1 kommentar:

  1. Ein grei måte å sjefshinte på, Pusine :-) Etter eit lengre avbrekk i prosjektet, stasjonerer den bleike, trøytte seg no atter i opprenskposisjon framfor perlehylla for å fullføre gjerninga. Sjefen kan berre bu seg på fleire gullkorn :))

    SvarSlett