Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. februar 2010

Roman-tikk-takk

Fredag, ei ny veke er over, ei veke som har stått i effektiviteten sitt teikn på Lom folkelege bibliotek. Med årsplanar og vekeplanar spikra opp på vegg og sinn, freistar sjefen med liten s å detaljstyre undersåttane sine - eller kanskje aller mest seg sjølv. Og det fungerer! Vi har vore så dispilinerte og har fått gjort så mykje at det er nesten ikkje til å tru. Men vi trur det likevel når vi ser utstillingane, musikksamlinga som har kome på stell og haugar med nye bøker og fjernlånsbøker som har vorte bestilte og ramlar inn til flittige særemneskrivarar. Vi kan difor gå inn i helga med dei store dagane med heva hovud og raudt samvit! Fleire har uttala seg i rosande ordelag og lånt bøker frå Valentinutstillinga vår. Vi har imidlertid også observert karar med lua i hand som blygt har snudd seg bort frå alt dette skremmande rosa, raude og romantiske. Letta har dei festa blikket på OL-utstillinga og med eitt blitt desperat oppslukte av Magne Myrmo og Johan Grøttumsbråten.

Det er slettes ikkje for å helle kaldt EPO-blod i årene at vi presenterer boka vi gjer i dag akkurat i dag. Ho har liggji på vent lenge og sidan ho har med dei store kjensler og den altoverskuggande kjærleiken å gjera, fann vi det likevel høveleg sjølv om ho syner baksida av Valentinmedalja. Boka "Mitt grådige hjerte" av Hege Duckert handlar om dei markanate kvinnene Karen Blixen, skrivande dansk baronesse i Afrika, Billie Holiday, stridande jazzsangerinne in the heart of Harlem, Simone de Beauvoir, intellektuell kvinneforkjempar i Paris og Frida Kahlo, invalidisert målarinne frå Mexico - og litt om forfattaren sjølv. Likskapane mellom kvinnene er ikkje slåande, men dei opplevde alle å bli råka av ei stor hjartesorg som skulle prege liva deira. Svikande cowboyar. Frigjorte filosofar ein vanskeleg frigjer seg frå. Draumen om den store kjærleiken som gjekk i knas. Alle meistrar dei å omskape sandkorna som gnikkar og gnur i den mjuke hjartematerien til perler. Boka er lita og nett og lett å lesa og ho gjev inspirasjon til vidare lesing, filmtitting og youtubing. Biblioteket har både bøker og filmar om og av damene. Du kan søkje dei opp her.

Med ynskje om ei god og romantisk helg med medaljer heilt utan baksider!

Viss du ikkje har trua på det, set deg i båten saman med Billie og listen to her singing out her heartache:



Valentinsk bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Hei Lom!
    Dere har en fin blogg som jeg liker å lese. Jeg har skrevet om Duckert sin bok i min blogg, og det kan dere lese om her:
    http://knirk.wordpress.com/2009/12/26/mitt-gradige-hjerte/

    SvarSlett
  2. Artig Knirk:-) Eg har lese den fine bloggen din også og er einig med deg ang. Duckert. Eg fekk også ein flau smak i munnen pga hennar nærvær i boka, sjølv om eg eigentleg har sansen både for Duckert og nærvær. Det "funka" ikkje her tykte eg! Men boka ga meg verkeleg inspirasjon til å lesa meir om damene. Eg har sett både "Frida" og "Mitt Afrika" (ååå)filmane etterpå og viss eg kjem til NY ein gong skal eg gå på Museum og modern art og sjå måleria til Frida! Koseleg at du likar bloggen vår!
    Rita

    SvarSlett