Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. desember 2009

Håp mellom mektige fjell og rause menneske

Trass i at gåsehuda nuppar seg over dei nyskrubba celullittane under ullstilongsen og fingrane blir numne etter isskraping av bilrutene, lyt det understrekast at den gryande vinteren likevel har sitt å by på. På tur nordover til biblioteket let eg meg kvar morgon imponere av den vakre Lomseggen som kneisar majestetisk over Bergomsfolket. Dette fjellet overraskar stendig med skiftande ljos og farge i takt med årstider og vèrtilhøve, og som ei trolsk dronning ruvar eggen beskyttande over nasjonalparklandsbyen. Når bleik vintersol trillar strålane sine over toppen og snøen helser attende med glitrande stjerneblink, er det reint så ein inngrodd døl blir blank langt utover smilerynkene. Biletet her yter dessverre ikkje Lomseggen rettferd, for synet i dag var nok langt vakrare enn som så, men underteikna lovar å ha kameraet som fast passasjer framover vinteren -kanskje får vi fanga Augneblinken og formidla betre seinare...

I fleire dagar har vi "damene" gått og skula langt etter 3 vel innpakka advents-kalendarar Aud kom seglande med her for ei tid attende. Dei har stått på kontoret og strutta av press om forventing og overrasking under plasten, men i dag starta nedteljinga! Dei 2 som var tidleg på jobb i dag klarte naturlegvis ikkje vente med å bryte forseglinga i første luka til kveldsvakta kom sigande. Eg måtte difor knipe augo som best eg kunne for å halde spenninga i det lengste, men då smaken av søt mjølkesjokalde risla nedetter tungerota kunne eg fredfullt ønskje adventstida velkomen. Tanken om bakst, golvskuring, handel, syltkoking og støvturking ligg enn så lenge godt gøymt langt ned i eit frå før overfullt samvit...

Også i dag har ein raus lånar stilt opp for å dele gode leseopplevingar med oss. Åge Johannes les mykje og lyt seiast å vera særs dyktig til å utforde 3 vise i bokval! Slett ikkje alltid syner det seg at vi har lykkast i utveljinga, og di trivlegare er det når han smilande kan meddele at "dette var ei god bok!" Men når vi først får lånaren på gli, er det ikkje måte på kor mange bøker han kan anbefale andre å fordjupe seg i. Den velskrevne historiske krimboka "Mørk ild" av C.J. Sansom står høgt på lista. Dette er 1. bok i ein serie på 4, der hovudpersonen er ein pukkelryggja advokat som tek på seg spennande oppdrag. Handlinga er lagt til London på 1500-talet, og Åge Johannes meiner det historiske aspektet kombinert med folkeleg språk skrive på ein god måte lyfter boka opp på eit høgt nivå. I tillegg meistrar forfattaren å halde spenninga til siste side, slik at lesaren lese ferdig. Dagens lånar dreg også fram bøker som "Brønnørreten" av Tor-Arne Moen, "Huset ved moskèen" av Kader Abdolah, samt "Himmelstormeren" av Cecilie Enger. Åge Johannes kjem altså med framlegg om bøker for einkvar smak, og vi utfordrar han (og andre) med dette om å tipse oss vidare -gjerne med kommentarar på bloggen vår...

Medan fullmånen skin utfordrande inn gjennom tynne soveromsgadriner så ein formeleg kan kjenne pelsen strutte under pysjen i svevnlause nattetimar, kan alle anbefalast å kutte ned ventetida med å lesa "Legenden om de fire lysene".

Sentimentalt ulande bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Herlig Merete, det må eg sei, særlig dei nyskruuba celluittane gjorde inntrykk her! :) Men Lomseggen er formidalbel, det er helt klart! Og egentlig syns jeg både Lom og Vågå kan betenges som alpelandsbyer, med de høge fjella rundt det lille fredfylte sentrumet..

    SvarSlett
  2. Ein skrubbar og skrubbar i god tru, veit du Gunvor :-) Og medan ein ventar på resultatet er det godt å kunne la seg imponere -på ny og på ny-av slike vakre omgjevnader. Heldiger er vi! God advent til Vågå!

    SvarSlett