Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. november 2009

Bloggen blir til mens vi går i stå

I går følte vi som Tor Jonsson at vi sleppte kvite fuglar ut i nattesvart, da vi la ut lenke til bloggen på BibliotekNorge-lista. Vi kjenner at det er litt skummelt med alle dei granskande og vurderande bibliotekarblikka på åndsverket vårt, men vi får håpe at de kjærleg dømer der ute. Det er svært gledeleg med nye lesarar og fylgjarar iallefall, og det er nyttig å få konstruktive attendemeldingar på det vi held på med. Det er kanskje ikkje sjølvsagt for alle at dei 3 vise kvinnene held til på Lom folkebibliotek... Det er også ytra ynskje om å få sjå korleis 3 vise kvinner ser ut, så med litt prøving og feiling har vi nå fått på plass både ein forklarande undertittel og eit forklarande bilete eller to på toppen.

For å vera litt over middels seriøs på ein dag som denne med så mange nye tilskodarar, så vil vi nytte høvet til å gje dykk ei stutt innføring i historia til bygninga vi held til i. Biblioteket i Lom er plassert på Gamle Loar, like ved stavkyrkja. Dette var den gamle prestegarden i bygda fram til 1916 (hovudbygninga til høgre på biletet). Prestegarden tente i lange perioder på 1800-talet som losjihus for dei fyrste velståande turistane som tok turen oppover dalen, og både kunstnarar, forretningsfolk og kongelege har overnatta her. Diktarar som Aasmund Olavson Vinje (i "Fjøllstaven min" 1862), Henrik Wergeland, Ludvig Holberg og Henrik Ibsen er blant dei kjende gjestane som har teke inn på prestegarden. Vil du lesa meir om livet på den gamle prestegarden, kan du låne Elise Aubert "Fra de gamle Prestegaarde" på eit bibliotek nær deg. Den store trebygninga gjekk tapt i ein storbrann i 1936, men eit nytt bygg vart reist i same stil på same tomta. I tida etter brannen har bygget husa folke-, framhalds-, real-, barne- og vidaregåande skule. Biblioteket flytte inn i 1. høgda i 2001 og er nå sambuar med friviljugsentral, stavkyrkjesenter, Loarutsalet og læraravdelinga til den vidaregåande skulen. Så blir det spennande å sjå kva framtida vil bringe for bygget og Loarområdet i sin heilskap.

Vi avsluttar bloggen i dag med eit par stjernespekka boktips og håpar alle får ei strålande fyrste helg i advent. "La deg ganske nedstirre av stjerner"! (Knut Hamsun: Under høststjærnen)

Stjernestøv

Stjernesamleren


Bloggar i stjernestøv: Rita

Teikninga av den gamle prestegarden er laga av Bjørn Holthe (i jubileumsboka til Lom og Skjåk sparebank frå 1973).

5 kommentarer:

  1. Jenter! Jeg bare DIGGER denne bloggen! Ikke si det til noen men dette er den eneste BIBLIOTEK-bloggen jeg gidder å følge med på!

    SvarSlett
  2. Hehe, takk for det! Skal ikkje seie det vidare;)

    SvarSlett
  3. Hei! Så moro med bilde av dere da! Det var jammen på tide!

    SvarSlett
  4. Heia damer som tør å gjøre ting som er litt skumle! Fin blogg! Har vært innom og titta før og kommer nok igjen ;-)

    SvarSlett
  5. Koseleg, Olava! Artig med kommentarar, og du er hjarteleg velkomen attende:-)

    SvarSlett