Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 8. juli 2009

Nye lokalhistoriske bøker



Ferietida er for alvor over oss og dagane på biblioteket er prega av www-turistar, feriegjestar, studerande ungdommar som jobbar i Lom om somrane, fastbuande som skal freiste tilvêret synna tunnelen som etterspør reisehandbøker og lydbøker til lange bilturar, dei alltid like trufaste krimentusiastane og einkvan amerikanaren som er på jakt etter røtene sine i kyrkjebøkene våre. Vi set like stor pris på alle brukarane våre sommar som vinter, og vi treffer så mange trivelege folk i løpet av året at det er ein fryd, godt humør på grøn resept! Sirkulasjonen i samlinga vår aukar på sommarstid og bøker, musikk og filmar som ikkje er så ofte utlånte elles blir etterspurde. Det kan me lika! Det einaste vi saknar om sommaren er eit luftingsanlegg som fungerer og mangel på kollegaer å dele kaffekoppen vår med. Frå og med i dag og tre veker framover blir biblioteket betent av berre ei om gongen og det er i minste laget sjølv for vise kvinner, ikkje minst for vise kvinner!

Trass i eksotiske reisemål og romanar frå alle verdshjørne, må vi ikkje gløyme vår lokale tilknytning og vår lokalhistoriske arv. Lokalsamlinga har vorte utvida med 3 (snart 4) nye bøker dei siste dagane. Få har vel unngått å få med seg at det er Hamsun-jubileum i år. Det lokale Hamsun-laget har teke initiativ til boka "Knut Hamsuns stier i Bjørnsons og Undsets rike" der vi får innblikk i vandringar forfattaren foretok seg i fylket vårt og tilhøvet hans til dei to andre norske nobelprisvinnarane i litteratur Sigrid Undset og Bjørnstjerne Bjørnson.

Det er også 150 år sidan Gustav Wentzel vart fødd i år, og i det høvet har Haukdalen Kunstnarheim utgjeve boka "Gustav Wentzel" i nytt opplag (1. opplag frå 1956). Boka er skrive av kona Kitty Wentzel og er omtala som "en interessant og sympatisk liten bok om sin mann og hans kunst." Gustav Wentzel budde i Vågå frå 1902-04 og frå 1913-20 før han flytte til Lom i 1920 og levde der til han døydde i 1927.

"Schirmers elever i Gudbrandsdalen" viser originalteikningar gjort av elevar av Herman Major Schirmer ved Tegneskolen i Kristiania. Dei har teikna gardsanlegg frå Gudbrandsdalen i tida 1898-1912. Originalteikningane som nå er i Riksantikvarens arkiv, har ikkje tidlegare vore viste offentleg. Det er gjort eit utval på i alt 52 teikningar som gjev ein detaljrik dokumentasjon av dei gamle gardane i Gudbrandsdalen. I tillegg til skildringar av arkitektur, får vi og innsyn i tekstil, metall og møbelkunst. Frå Lom er gardane Graffer, Nordre Lyngved og Sygard Garmo representerte.

Den fjerde boka som er i kjømda, er Bygdebok nr 4 for Vågå. I skrivande stund er alle bøkene tilgjengelege for utlån og ventar berre på å bli lesne!

Med ynskje om ei rik ferietid, stutt- eller langreist, reallife eller i universet til ei bok! In reallife blir underteikna å finne i skranka ei veke til, vel å merke med nokre fridagar innimellom for å ta seg av einkvan av desse før omtala amerikanarane.

Bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Kom innpå bloggen og såg lokalhistorie-omtala. Merk at boka der kalla Bygdebok for Vågå har tittel Bygdebok for Vågå og Sel, og dette bandet(band 4) omhandlar Sel og Heidal på 1900-talet. Helsing Anne Marie Viken

    SvarSlett
  2. Takk for presiseringa, Anne Marie:-)

    SvarSlett