To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 12. januar 2009

10 på topp 2008

Fjorårsstatistikken inneheld ingen bomber når det gjeld bøker og andre medium som toppar utlånslistene på biblioteket. Det er dei mest omtala bøkene og forfattarane som pregar listene med nokre små ”bibliotekarmarknadsførte” perler innimellom. Dei førebelse utlånstala syner ei lita auke samanlikna med 2007 med nær 600 fleire utlån totalt.

10 på topp - bøker for vaksne
Khaled Hosseini: Tusen strålende soler: 32 utlån
Anne B. Ragde: Ligge i grønne enger: 32
Khaled Hosseini: Drageløperen: 30
Jo Nesbø: Hodejegerne: 30
Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine: 28
Stieg Larsson: Luftslottet som sprengtes: 27
Stieg Larsson: Jenta som lekte med ilden: 27
Jo Nesbø: Snømannen: 26
Liza Marklund: Livstid: 22
Stieg Larsson: Menn som hater kvinner: 21

10 på topp – barnebøker
Guinness world records 2008: 27 utlån
Ruben Eliassen: Phenomena. Bok 1.: 22
Unni Lindell: Kyss meg på tirsdag: 20
Guinness world records 2007: 20
J.K.Rowling: Harry Potter og dødstalismanene: 19
Tor Åge Bringsværd: Petra vil bli dyrlege: 18
Magnhild Bruheim: Venneringen: 18
Kari Grossmann: Lillesøster på legevakten: 17
Francesca Simon: Rampete Robin og den avskyelige snømannen: 16
Anders Jacobs: Berts bekjennelser: 16

10 på topp – film
Mr. Beans ferie: 26 utlån
The Simpsons movie: 25
Varg Veum: Bitre blomster: 24
Biler: 23
Karsten + Petra: 23
Madagaskar: 23
Rottatouille: 21
Fritt vilt: 20
Svein og rotta: 20
Brødrene Dal og legenden om Atlantis: 19

10 på topp – lydbøker
Stieg Larsson: Menn som hater kvinner: 17 utlån
Francesca Simon: Rampete Robin og tidenes tøffeste tidsmaskin: 16
Francesca Simon: Rampete Robin og fotballfantomet: 15
Carolyn Keene: Frøken Detektiv og det hemmelige loftet: 13
Jo Nesbø: Doktor Proktors prompepulver: 12
Carolyn Keene: Uten et spor: 12
Carolyn Keene: Frøken Detektiv finner passordet: 11
Carolyn Keene: Uten et spor/Kappløp (digibok): 11
Bjørn Ingvaldsen: Jada, jada, jada: 11
Marit Nicolaisen: Kloakkturen med Svein og rotta (digibok): 11
Anne B. Ragde: Ligge i grønne enger: 11

10 på topp – musikk
Terje Formo: Kaptein Sabeltann: 8 utlån
Margaret Berger: Pretty scary, silver fairy: 7
Kalle og Molo: 7
Torbjørn Egner: Karius og Baktus + de seksten beste Egner viser: 7
De plagede: Diktarplager: 6
Tidenes beste klassiske barneplate: 6
Barnas supershow: 6
Leif Ove Andsnes: Lyric pieces: 6
Gråtass: 6
Seven: Gleden bobler: 6

Kommentarar til statistikken
På 10 på topp lista for vaksne, var det ingen store overraskingar. Khaled Hosseini og Anne B. Ragde toppar med Tusen strålende soler og Ligge i grønne enger. Stieg Larsson er godt representert med alle sine tre bøker i Millenium-serien, og vår eigen norske krimkonge Jo Nesbø har også to bøker blant dei 10 mest utlånte. Det er nok Saman er ein mindre aleine av franske Anna Gavalda som kan seiast å utgjera ei lita overrasking, her har nok bibliotekpersonalet drive hard marknadsføring.


På lista over barnebøker finn vi to Guinness rekordbøker. Fantasy-sjangeren er populær med Phenomena-serien av Ruben Eliassen og Harry Potter. Det er gledeleg at Magnhild Bruheim, ein lokal forfattar som skriv på nynorsk, er representert på lista med ungdomskrimmen Venneringen. Elles er humoristiske bøker som Rampete Robin og bøkene om Bert populære.
Blant andre medium er det lydbøker, filmar og musikk for barn som pregar listene med attgangarar som Karsten og Petra, Kaptein Sabeltann, Frøken Detektiv, Rampetet Robin og Egner-klassikarar. Dei vaksne lånarane føretrekte filmane Mr. Bean, Varg Veum og Fritt vilt medan Margaret Berger, Diktarplager og Leif Ove Andsnes var den mest populære musikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar