Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. desember 2008

Fasit

I blant er det godt å kunne ha ein fasit å halde seg til og her kjem fasiten til julequizzzen vår:

1) Mannen som elsket Yngve
2) Knut Hamsun jubilerer neste år
3) Guten som snekrer på no spennende som snart skal bli presang heiter Jensemann
4) Nattskrik er tittelen på den nye boka til Magnhild Bruheim
5) Trond Espen Seim spelar Varg Veum (Merete seier nam nam)
6) Sondre Brattland har gjeve ut Det er den draumen med tekstar av Olav H. Hauge
7) Per Petterson har skrive boka "Jeg forbanner tidens elv"
8) "De plagede" ga ut CDen Diktarplager
9) Kona til Knerten heiter Karoline ("Min hustru Karoline...")
10) Kurt er truckførar
11) Drageløperen og Tusen strålende soler foregår i Afghanistan
12) Mysene fekk lukte på ein fleskebit på skrå

Den heldige vinnaren av julequizen er Jorunn Strypet. Forundringspakke ventar på biblioteket. 42 deltok på quizen vår og av dei var det 15 som hadde alt rett.

1 kommentar:

  1. Vedrørande spørsmål 5: Trond Espen Seim som Varg Veum er då unekteleg ein lekkerbisken som eit kvart kvinnfolk i sømeleg alder lyt få lov å nistirre litt ekstra på!! Det trur eg biblioteksjefen inst inne er aldelest einig i -på seg sjølv kjenner ein andre veit du :-)

    SvarSlett