Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 26. november 2008

Besøk av Magnhild Bruheim

I går kveld hadde vi besøk av Magnhild Bruheim på biblioteket. Ho prata om den nye krimboka si "Nattskrik" der store delar av handlinga er lagt til Lom og Skjåk, og der ei teatergruppe som skal dramatisere segnet om Kristen Fangje er sentrale aktørar (ho understreka at det ikkje var UL Fram ho hadde hatt i tankane...). Magnhild delte erfaringar kring det å skrive bøker med oss og kunne forsikre om at det ikkje var latmannsliv å vera forfattar. Ho delte også eigne erfaringar som lesar med oss og anbefalte 5 bøker frå nyare tid. De kan lesa meir om dette her. Vi priviligerte som møtte opp kunne gå heim med litt meir inspirasjon i bagasjen både for lesing og muligens også for skriving.


På biletet signerer Magnhild bøker og har fått raudvin som takk og inspirasjonskjelde til kommande bokprosjekt.





fredag 14. november 2008

Gutten i den stripete pyjamasen


Denne boka av John Boyne er eigentleg ei tynn ungdomsbok, men alle bør før eller sidan ta seg tid til å lese denne perla. Handlinga er lagt til Berlin, krigsåret 1942. Faren til Bruno har fått seg ny og betre jobb, og familien flyttar då til ein stad som er isolert frå omverda av høge gjerde. Bruno får aldri gå utanom desse gjerda, og han får såleis ingen leikekameratar på den nye staden. Han trassar påbudet frå faren, og tek til å utforske området dei har flytta til. Slik møter han ein annan liten gut, men desse to lever vidt forskjellige liv som gjev Bruno mykje å tenkje på. Den andre guten bur på den andre sida av gjerdet,er støtt svolten, og går alltid i ein stripete pyjamas. Vennskapet mellom gutane blir ljospunktet i kvardagen til dei båe to, men ein dag får dette møtet forferdelege konsekvensar.
Dette er ei bok som ikkje kjem til sin rett før siste sida er lesen, og har du først lese starten, må du ikkje finne på å leggje frå deg boka! Når alt er lese, sit du att med kjensla av å ha fått dele ein bit av verdenshistoria på ein utruleg vakker, trist og på same tid fryktinngytande måte. Mang ei tåre vil måtte svelgjast og mange tankar vil svirre i hovudet lenge etter at boka er levert inn att på biblioteket... Takk til John Boyne for denne uforgløymelege lesaropplevinga!
Bokpratar Merete

fredag 7. november 2008

Mor mi står i glaset

Vil du ha ein god latter i helga bør du skunde deg til biblioteket og låne denne særs humoristiske boka. Historia utspelar seg i og utanfor ein heim forma av ei altfor snill mor og eit svin av ein far. Midt i mellom står eit svakt barn som veks til mellom pornoblad, pisspreik og sprit på den eine sida og omsorg, grovbrød og mjølk på den andre. Tragikomiske episodar er skildra i form av dikt. Boka er illustrert med barneteikningar frå kristendomstimane på barneskulen ein gong på 70-talet og sitat frå skulekvardagen den gong - kan bli nostalgisk av mindre! Men det er fyrst og fremst den særeigne humoren som kjenneteiknar boka, som her i utdraget frå diktet "Oppvasken etter far min":

Ein stabel skitne panner,
på golvet ein tallerken.
Samt surna mjølk i gryta,
som surklar under snerken...

Under bordet søv far min,
mest naken, i berre skjorte.
Det er eit kort referat frå
den helga mor var borte.

Bokpratar: Rita og Merete

torsdag 6. november 2008

Saman er ein mindre aleine

"Saman er ein mindre aleine" er skrive av franske Anna Gavalda og er ei av dei største lesaropplevingane eg har hatt. Romanen er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Dei 4 er på kvar sine måtar outsidarar i samfunnet og det er skjøre band som knyter dei saman og gjer at tilvêret ikkje raknar for dei. Dette er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst som utspelar seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris. I utgangspunktet vegrar eg meg for å gå i gang med såpass tjukke bøker, men i dette tilfellet vart ikkje det noko problem. Kjem du inn i universet i denne boka og likar deg der, skulle du ynskje at forteljinga aldri tok slutt! Boka er omsett til eit godt og moderne nynorsk, noko som hevar kvaliteten enda eit hakk i mine augo. Romanen er filmatisert (vi har film og lydbok også...), men du må for all del lesa boka før du ser filmen! Det einaste problemet med denne boka er at ho alltid er utlånt frå biblioteket. Har du ikkje lese ho enda, bør du setje deg på venteliste med det same!
Bokpratar: Rita

tirsdag 4. november 2008

Vi bloggar!

Hei!
Vi er "Dei 3 vise kvinnene" som jobbar på Lom folkebibliotek. Vi prøver å følgje med i den digitale 2.0 tida vi lever i, og har difor oppretta ein blogg for å spreie boktips til lesarane våre og dele små og store gleder og sorger frå kvardagen til ein bibliotekar. Kor vise vi er vil vel vise seg, men vi har ambisjonar om å finne rett bok til rett person til rett tid iallefall ein gong i blant. Vi håpar at de lesarar også vil bruke bloggen vår aktivt og koma med kommentarar, tips og korrigeringar til oss slik at vi blir veldig "interaktive"!