Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 26. november 2008

Besøk av Magnhild Bruheim

I går kveld hadde vi besøk av Magnhild Bruheim på biblioteket. Ho prata om den nye krimboka si "Nattskrik" der store delar av handlinga er lagt til Lom og Skjåk, og der ei teatergruppe som skal dramatisere segnet om Kristen Fangje er sentrale aktørar (ho understreka at det ikkje var UL Fram ho hadde hatt i tankane...). Magnhild delte erfaringar kring det å skrive bøker med oss og kunne forsikre om at det ikkje var latmannsliv å vera forfattar. Ho delte også eigne erfaringar som lesar med oss og anbefalte 5 bøker frå nyare tid. De kan lesa meir om dette her. Vi priviligerte som møtte opp kunne gå heim med litt meir inspirasjon i bagasjen både for lesing og muligens også for skriving.


På biletet signerer Magnhild bøker og har fått raudvin som takk og inspirasjonskjelde til kommande bokprosjekt.





1 kommentar:

  1. Så synd at ikkje fleire lomværar møtte opp for å høyre på Magnhild Bruheim tysdagskvelden! Ho er ein super formidlar -ein forfattar Norddalen kan vera stolt av!

    SvarSlett