Påska er
over og innleveringskassa bognar kvar morgon av påskelektyre, sjølv med
superduperfin påske ser det ut til at fleire har hatt tida til å nyte
litteratur.
Biblioteksjefen i påskesola |
Denne stutte
veka har gått til å rydde bøkene av vegen, stelle i stand fruktfest for unge
lesarar, teikneserieformidling i Skjåk, leiting etter dikt av Børli, jakt på
hylande kaninar, hjelpe lånar med å komme inn på eBokBib (med god telefonisk
hjelp frå bibliotekar Gunvor på Otta), koble om X-boksen så det vart lyd saman
med bilete, førebuing til neste vekes formidling i Bartebyen, påsåsalg av gamle
fagbøker, bli kjend med 7.pulje omsett litteratur frå Kulturfondet, kaffislabberas
med postmann Ivar og til sist så var det denne bloggen som eg lyt gjera då eg
er einsleg på arbeid i dag.
I morgon
får oss besøk av fungerande ordførar i Lom, Anne-Lise Marstein, ho er her
mellom kl. 11 og 13, og ho tek i mot spørsmål og innspel av alle slag. Velkommen
til ein ordførarsnakk og kaffi i retrosofaen.
Vinterles
er snart over, hugs på å lever skjema innan 15. april. Som avslutning på moroa
får oss forfattarbesøk av Levi Henriksen her på biblioteket, det blir onsdag 2.
mai kl. 20.00. Dette lyt du få med deg, det er ingen som kan si klesskapet som
han Levi.
BibliotekAre
BibliotekAre
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar