Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. mars 2018

Snippo og snuppeluro

I dag har vi det kjempetravelt i massevis og det blir rett og slett ein fotoblogg frå større og helst mindre hendingar i veka som har gått. Og det er ikkje lite det, berre så det er sagt.

Vi er i gang med det årlege leseprosjektet med 3. klasse. Guttorm bokorm veks og trivst i biblioteket, og vi set stor pris på at ungane tek med mor og far, bestemødre og onklars onklar for å sjå på ormen.

I går gjennomførte vi to bokpratar, ein i 3. klasse og ein i 8. Vi er i gang med vårreingjeringa og har velt um i lydboksamlingane både for barn, ungdom og vaksne. Og innimellom slaga les vi oss opp til det store formidlingsoppdraget vårt i vår når vi alle tre skal på langtur for å prate om årets bøker 2017! Dette kan de vera trygge på at vi kjem attende til. Togbillettane er i boks, utskrivne i A3-format, slik at alle ser kvar vi skal gå av. Med ynskje om ei utuhenta god helg!

Større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek veke 11 2018

Bokprat 3. klasse. Piip-show. Ein blåmeisfamilie blir til.

Guttorm bokorm veks og trivst.
Etter skuletid. Triveleg.
Umvetla ter seg. Kom og lån!
Bestemorbibliotekaren båkå 764 snippo i går.
Her ved fire av dei

Møle i skrankun.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar