Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. januar 2018

Om blot og bibliotek

Det er no slutten på den andre veka mi som praktikant på biblioteket, og eg blei sett til å skrive denne vekas blogginnlegg. Kva eg skulle skrive om fekk eg bestemme sjølv, noko som gjorde alt mykje vanskelegare. Skulle eg skrive om praksistida så langt, om korleis det er å bu i storbyen med dialekt og alle eg møter trur eg bannar jælma mykje, eller om at eg ikkje vil gjeva slepp på året mitt som eksperimentell arkeolog?

Det er vel det sistnemde som er mest spennande å høyre om, spesielt sidan vi snart skal få att vikingskatten som blei funne på Læshø. Ei grav med øks, piler, eit spjot, fil, og til og med eit sverd. Berre dei rikaste og mest velståande hadde råd til slike våpen, sidan det blei brukt så mykje jern i forhald til i ei øks.  Dei fann og ei tribladspenne, ei lita brosje som det var vanleg å gå med for både damer og herrar i vikingtida.


Eg gjekk eit år på Seljord Folkehøgskule i Telemark, på vikinglinja. Dei to lærarane mine var begge frå Danmark, og hadde lang erfaring i reenactment miljøet. Vi lærte fort at det å være viking ikkje bestod av å slåst og å ete kjøt, sjølv om det var nokre som måtte syast etter sjonglering med øks, og store protestar mot vegetarmandag. Vi brukte året på å lære gamalt handarbeid, og vi prøvde etter beste evne å lage kopiar av funn frå vikingtida, med varierande suksess.

Plantefarging, trauspikking, og serksying var nokre av dei daglege aktivitetane våre. Målet var å lære så mykje som mogleg, og å ha ei nesten heilt historisk korrekt vikingdrakt på slutten av året. Eit av dei prosjekta eg dreiv lengst med var støyping av skålspenner, inspirert av funn frå Hedeby. Ei skålspenne er ei brosje som held selekjolen oppe, og som i Wagner sine operaer såg ut som ein gyllen bh, men han overdreiv litt, vil eg påstå. Eg måtte lage ei skålspenne i tre, så det skulle gå an å lage ei form til sandstøyping. Det viste seg fort at det skulle til både blod sveitte og tårer, og at det var eit mykje større prosjekt enn eg hadde sett for meg. Skålspenner blei det uansett, men ikkje utan at eg fekk minst eit dusin nye arr på fingrane.



Resultata av arkeologkarriera mi (så langt) er utstilt på Lom folkebibliotek. Hvis du kjem innom og vil ha ein liten titt, så skal eg gjerne fortelle deg alt eg kan om vikingtid og handarbeid, og kanskje også få deg til å lesa Håvamål.

Av Live Eriksen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar