Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. januar 2018

Bibliotekaspirantane tek ansvar.

For fyrste gong i manns minne, er dei vise kvinnene Rita og Merete låke på same tid.
Bibliotekaspirantane (ivrige wannabes) tek ansvaret for bloggen uoppfordra.

Ansvarsfulle aspirantar
Utan oppsyn frå Dei Vise, hadde Live sitt fyrste foredrag nokon sinne. 9. klasse fekk lære om vikingtida, medan Live fekk utfordra sin sosialangst. Neste torsdag skal ho atter gjera et tappert forsøk på å få ei ungsdomsskuleklasse interessert i norrønt kvardagsliv. Ho skal prøve å ikkje gjøyme seg for lenge under utstillinga si.

Godt gjøymd Live
Tonje er her fast kvar torsdag, det har ho vore i snart eit halvt år. I dag er det fredag, men ho melde seg frivillig på laget likevel etter ynskje frå sonen sin. "Må pass på å vær her så læng han synes æ e kul". I dag tek ho til og med imot klassa hans aleine medan dei andre er ute på formidling.

Kule Tonje med son og klasse på besøk
BibliotekAre har vore på bokprat hjå 5. klasse på Loar skule i dag. Sekken var stappandes full av god litteratur, han tek alltid med fleir enn han treng då han er redd han ikkje skal få brukt opp si tilmålte tid. Klassa vart samla i halvsirkel på golvet og gode bøker vart formidla utan sko. Som vanleg blir Carl Barks og Don Rosa sine Donald-historiar presentert, BibliotekAre hevdar hardnakka at dei er skikkelig kvalitetslitteratur. Frå "Vår gamle gudelære" av Tor Åge Bringsværd, las han delar av "En skjeggete brud", som handlar om då Tor måtte kles ut som dame for å få tilbake Mjølner som var stole av jotnen Trym. Ungane lo godt når faktaboka "DO - Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie" vart presentert.
Donald er tingen!
Aspirantane tror sjølve dei klara seg bra, men dei er einige om at det blir godt når dei vise kvinnene er på beina att.


Tonje, Live, og Are


fredag 19. januar 2018

Teikneseriemannen

For noko som kjennest ut som eitt hundre år sidan, var eg på bokprat med klassa mi. Vi skulle få høyre om nye bøker for barn og ungdom, og ein heil presentasjon om berre teinkneseriar! Framfor eit lite bord fullasta med grafiske noveller og teikneseriar, stod ein eg aldri hadde sett før. Han presenterte seg og sette i gang  med å fortellja om dei bøkene han hadde funne med seg. Vi sat der i eit millennium og eitt minutt på same tid, så spanande og fengslande var det denne rare mannen viste oss. Læraren sa at det ikkje var att så mykje tid, men fekk eit bedande blikk frå Teikneseriemannen om at han måtte få lov til å prate om ei lita bok til. Han fekk klarsignal, og plukka opp ei av bøkene som låg heilt bakerst på bordet. "Endless Nights". Eg hugsar ikkje kva som vart sagt om boka, men eg hugsar at eg spurde Rita om eg kunne låne ho. I friminuttet den dagen las eg ut heile boka. Eg forstod ikkje så mykje, så god i engelsk var eg ikkje enda, men eg var besett. Eg måtte lesa meir.


Eg hadde med meg boka attende til biblioteket nokre dagar seinare, og leverte ho att, og spurde om det var fleire bøker som denne, og vart geleida bort mot teikneseriane. Eg fekk hjelp med å plukke ned, Merete var høgare enn meg den gongen. Boka eg lånte meg var den første i "The Sandman", serien av Neil Gaiman, og den serien, og den forfattaren, gav meg leselyst på ordentleg. Eg lærte meg betre engelsk for å kunne forstå dei betre, og endte opp med å lesa mange tjukkare og tyngre bøker på engelsk, men det var fortsatt Sandman som var favoritten, det kunne ingen andre bøker endre på (Ikkje sei noko til Tolkien, men han kjem på ein god andreplass, etter Neil). 

Denne rare mannen gjorde så eg las til saman mange tusen sider, og eg fekk smaken på myrk fantasy. Han fekk meg også  indirekte til å bli betre i engelsk.

Denne mannen var Are.

Ein dag for nokre år sidan, såg eg han sitte bak skranken på biblioteket, og eg kom på denne bokpraten vi hadde for lenge sidan. Da var han vikar, seinare fekk han ei stilling som bibliotekar. Eg trur aldri eg har fortalt han om kor mykje engasjementet og kunnskapen hans betydde for meg, før eg fortalde det for nokre dagar sidan. Are hjalp meg med å finne min egen boksmak, lenge før eg sjølv visste at eg hadde ein. 

Eg utdannar meg til å bli bibliotekar sjølv, og eg håpar at om nokre år, at nokon vil ha same tankane om meg. Eg vil bli ein bibliotekar som eg sjølv ville likt å møte. 

Tusen takk, BibliotekAre, for at du opna ei ny verd med litteratur for meg, Eg håpar eg klarar å bli like flink som deg. 

Live Eriksen

fredag 12. januar 2018

Om blot og bibliotek

Det er no slutten på den andre veka mi som praktikant på biblioteket, og eg blei sett til å skrive denne vekas blogginnlegg. Kva eg skulle skrive om fekk eg bestemme sjølv, noko som gjorde alt mykje vanskelegare. Skulle eg skrive om praksistida så langt, om korleis det er å bu i storbyen med dialekt og alle eg møter trur eg bannar jælma mykje, eller om at eg ikkje vil gjeva slepp på året mitt som eksperimentell arkeolog?

Det er vel det sistnemde som er mest spennande å høyre om, spesielt sidan vi snart skal få att vikingskatten som blei funne på Læshø. Ei grav med øks, piler, eit spjot, fil, og til og med eit sverd. Berre dei rikaste og mest velståande hadde råd til slike våpen, sidan det blei brukt så mykje jern i forhald til i ei øks.  Dei fann og ei tribladspenne, ei lita brosje som det var vanleg å gå med for både damer og herrar i vikingtida.


Eg gjekk eit år på Seljord Folkehøgskule i Telemark, på vikinglinja. Dei to lærarane mine var begge frå Danmark, og hadde lang erfaring i reenactment miljøet. Vi lærte fort at det å være viking ikkje bestod av å slåst og å ete kjøt, sjølv om det var nokre som måtte syast etter sjonglering med øks, og store protestar mot vegetarmandag. Vi brukte året på å lære gamalt handarbeid, og vi prøvde etter beste evne å lage kopiar av funn frå vikingtida, med varierande suksess.

Plantefarging, trauspikking, og serksying var nokre av dei daglege aktivitetane våre. Målet var å lære så mykje som mogleg, og å ha ei nesten heilt historisk korrekt vikingdrakt på slutten av året. Eit av dei prosjekta eg dreiv lengst med var støyping av skålspenner, inspirert av funn frå Hedeby. Ei skålspenne er ei brosje som held selekjolen oppe, og som i Wagner sine operaer såg ut som ein gyllen bh, men han overdreiv litt, vil eg påstå. Eg måtte lage ei skålspenne i tre, så det skulle gå an å lage ei form til sandstøyping. Det viste seg fort at det skulle til både blod sveitte og tårer, og at det var eit mykje større prosjekt enn eg hadde sett for meg. Skålspenner blei det uansett, men ikkje utan at eg fekk minst eit dusin nye arr på fingrane.



Resultata av arkeologkarriera mi (så langt) er utstilt på Lom folkebibliotek. Hvis du kjem innom og vil ha ein liten titt, så skal eg gjerne fortelle deg alt eg kan om vikingtid og handarbeid, og kanskje også få deg til å lesa Håvamål.

Av Live Eriksen

fredag 5. januar 2018

Nyttårshymne











Nytt år, ny snø, ny valk rund magen
møte og bokprat fyller framleis dagen
Sjefen, som skulle vere tilbake på plass,
reiste til Oslo med bibliotekpolitikk i sitt lass
Tilbake sit Are og vesleMatrona
og deler som best den siste makrona
Velsigna med elev frå den høge skulen
skal vi lære henne alt om den første modulen
Student i praksis set vår kunnskap på prøve
men flink som ho er, vil ho øve og øve

Vanskar med nettet i år som i fjor
vi slåst om maskinar og hyler i kor
riv oss i busta og klør oss i stubben
Matrona gneg mandlar -blir enno meir lubben...
Låtten sit likevel laust gjennom dagen
eit bakglatt nett er vel `kje verste plagen
Vi skummar og les og formidlar bøker
og finn fram alt våre lånarar søker
Vi trivst jo i lag som svaner på isen
snur nasen mot véret og utfordrar brisen

Velkomen på døra, du tjueatten
vi lettar på flyssa og tek av oss hatten
Lovar å halde humøret og koken
blir det for hustre, slår vi berre floken
Utfordre oss gjerne -vi vil gjerne brynast
men då skal du også godt om oss synast
Takk for det gamle, det gav oss så mangt
no skal det nye pussast skinande blankt!


Bloggar: Rimsmedfru Merete