To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 22. september 2017

I Olav Duuns rike

Denne veka hadde eg den store ære og glede av å få vera med på biblioteksjefmøte i Nord-Trøndelag. Eg var invitert for å prate om Lom folkebibliotek, om korleis vi jobbar med formidling, om bibliotekarrollen, vår digitale side og bruk av sosiale medium.

Det var det aller siste biblioteksjefmøtet som Nord-Trøndelag fylkesbibliotek arrangerte, for frå nyttår blir Trøndelag samla i eitt rike. Nord-trøndarane hadde lagt møtet til Jøa, til Olav Duun si heimbygd, og dei hadde godprata med vêrgudane som varta opp med eit aldeles strålande haustvêr ute i havgapet. Det var mest så trauste innlendingar vart over seg over kor vakkert det var der ute.

Eg skal ikkje gå nærare inn på innhaldet i presentasjonen min, bortsett frå at eg i sluttappellen tok ein Per Fuggeli og oppfordra bibliotekarar over det ganske land til å gje litt meir f. Ikkje i jobben, for all del! Men i det som set grenser for oss som ikkje treng sette grenser for oss. Sjå illustrasjonen over. Takk til Nord-Trøndelag fylkesbibliotek for invitasjon, for god mat og triveleg samver i lag med lugume trøndarar. Lykke til med samanslåinga til eitt fylkesbibliotek og eitt rike!  Takk for meg, Trøndelag!

Jøa

Kva eg snakkar om når eg snakkar om formidling.
Foto: Morten Olsen Haugen
Det nye biblioteket i Fyret på Jøa.

Heimen hass Olav Duun.

Solnedgang sett frå Jernaldergården på Tranås, Jøa. 

 Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar