Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. juli 2012

Rosa Rugosa

Eg gledde meg slik til å treffe henne att. Såg verkeleg fram til den gode praten attmed oppvaskmaskina. Den lune humoren med herlege intrigestikk som rislar frydefullt nedetter ryggrada. Den lettvinte omgangsforma, dei kvardagslege oppturane med ord og bøker i sentrum. Utan fjas. Fritt og ujålete, slik vi har grodd saman sidan oppveksten i ei enkel fjellbygd. Ferien var over for mitt vedkomande, og alt var på stell -trudde eg.

Litt vatn på hårkosten for å roe den mest motstridande nattsverkilen bak i nakken, ein lunken skvett i ansiktet og så inn att i ei like-trong-etter-ferien-olabrok. Greitt slik. Tidleg på jobb var eg òg. Langt om lenge kom ho flagrande. Nydusja, med duftande hår og eit fjongt skjørt svingande rundt berre leggar. Klakksko frå tidlegare i sommar tydelegvis inngått etter ein viss festival, frisk og strålande. Eg glatta i smug snøgt over den framleis rå sverkilen, drog inn belgen under pulten og krosskasta undersåttane med nokre dagar gammal, stikkande stubb. Eg krympa messom ørlitegrann, men tok meg i det -det var jo berre henne! Snart putra traktaren bak gardina, og okslene var der dei skulle. "Kaffe!" kvitra det frå bakrommet.


Og nett der, ved sjefspulten på bakrommet, låg veska til sjefen. Den som før taut full av alt og ingenting av nytte. No var ho svært så slunken, men det viktige innhaldet strutta frilyndt i vèret og vitna om ein sjef i endring. Det var tydelegvis slutt på sprukne, bleike lepper, utvaska dongeri og nedbitne neglar. Lakk og smurning, gloss og stift i tølete rosavariantar stakk nasen frekt i lufta og fridde til den grå smedfruga som tusla hakesleppande forbi. Leikevenninna frå barndomens epletre hadde tydelegvis vakse seg stor og bevisst sitt vakre ytre.


Lykkelegvis er det ikkje gjort over natta å gjere ei landsens bygdejente om til ei overfladisk pyntedokke, så snart var alt flåseriet gløymt til fordel for skratten og grompraten. Og for dagen fekk barnebibliotekaren  tildelt den takknemlege oppgåva å fikse på den før-ferien-mislykka eventyrutstillinga ho hadde streva så med. Inspirert av utstyrsveska tidlegare på morgonen, gjekk pyntinga som ein leik, og no kosar trolla, kurompa og dei edle steinane seg med bøkene til Asbjørnsen og Moe under flotte, nye plakatar frå Nasjonalbiblitoeket. Og sjefen -jau, ho var jammen den same, unge! Velkomen innom i sommarregnet -til ein ujålete gromprat! Vi er ikkje verre på det .

I høve dagen nydusja bloggar: Merete

PS! For dei nyfikne kan ein lese meir om Rosa Rugosa her: http://www.hesleberg.no/Webfiler/Roser/rugosa.htm -sjefen er med dette namna opp att :-)

4 kommentarer:

  1. Slik kan det gå når sminkepungen på heile 3 leppestiftersomnestenaldrieribruk er samla i veska, og målet for sommaren er å slutte å bite neglar. Men bloggmat skarremha og bloggmatskarremfå. Vi tek ein kaffitår og deler den siste Gjendekjeksen på det.
    R

    SvarSlett
  2. Ha, ha! Dere er herlige dere to! :)

    SvarSlett
  3. No har det seg slik at den siste Gjendekjeksen vart oppeten i går, og neglane skal tydelegvis få vere i fred, så biteti blir det ikkje i dag, Sjef... Men takk lell, Gunvor -det er godt å rive av seg litt att på jobb :-)

    SvarSlett