Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. desember 2010

Gjer stundi lang og gleda vid...

Førjulstida gjev ofte minst like mykje rom for ettertanke som sjølve jula. Timelange stunder i førkle og tørkle i ein lun bakstkjellar, der minna om dei som var her før oss sit godt fastgrodd i murpussen og manar tankane ut på fri vandring. Lyden av den jamne rullinga frå kjevlet over bakstfjøla blir kun avbrote av ei godsleg knitring i vedomnen borti kroa, medan mjølgøyva flyg som små tryllepulverskyer i den blanke ljosken, og ein halvsteikt leiv tikkar godgjerande på takka. (Tryllepulver har forresten erfaringsmessig særs dårleg effekt på halvblaut deigknoe...) Slike stunder gjev næring til utvatna fantasi, og ein vinst å gå livet nærare etter i saumane. Gamle kjenningar får sine stumme helsingar sendt via tankeoverføring, og gjennomlevde minne passerer revy under det støvete tørkleet. Når eftaskymminga sig på utom gluggen og siste leiven er ferdigsteikt, er kvardagsflukta over for denne gong, og status er gjort opp før døra om nokre dagar skal opnast inn til det nye året.

Etter endt bakst er det hiven å sige ned i godkrakken med Boka i fanget og stinge føtene under den varme bikkja for maksimal nyting. For meg har denne adventstida bore preg av eldre litteratur -bøker med einlèta omslag og gulna sider, men med dertil forrykande innhald. Eitt av høgdepunkta har nok vore nokre av forteljingane til Barbara Ring i samlinga "Fnugg" frå 1923. Ring er nok mest kjend for novella "Itt`no knussel", men særs djupt inntrykk gjorde forteljinga "Mor"på meg. Her får vi høyre om ei einsleg mor som i årevis har spinka og spara på kronene sine for å kunne kjøpe ein liten plass åt seg og sonen. Når sonen derimot veks seg stor, får han alle pengane hennar for å dra til Amerika saman med ein kamerat. Han lovar å sende bod etter mora når han er etablert i framtidslandet, for så å sikre henne ein trygg alderdom der borte. Men livet går ikkje alltid som ein drøymer...

Ivar Kleiven gav ut fleire bøker som omhandlar distriktet vårt frå gammal tid. Halve gleda er å lesa alle dei saftige, gode utrrykka og vendingane som i dag mest er borte frå språket vårt, men også dei levande skildringane frå det sprudlande folkelivet er ein fryd å drøyme seg bort i. Bøker spekka med levande lokalhistorie skrive på fengjande vis.

Det lyt også nemnast eit fortryllande juleeventyr Olav O. Aukrust har skildra i boka "Nisser og småtroll", fornøyeleg gjennomillustrert av Kjell Aukrust. Den vesle nissen Nigards-Truls er granne med Oppigardsnissen Nils, og det er berre Storfurua som skil dei to plassane frå kvarandre. Oppigards-Nils har ei gammal lus, Siri, buande i topphuva si, medan småtrolla Bertil, Olvar og Signe bur i eit utgammalt skjorreir øvst oppe i Storfurua. Livet til desse små karane er framifrå lesnad for både store og små, og eignar seg særs godt til familiær høgtlesing på lange romjulskveldar. Når ein toppar alt dette med Prøysen sine små stubbar og folkekjære, stutte historier, har ein mang ei tyleg stund i lampeljoset i vente.


Bloggar: Merete

11 kommentarer:

  1. Barbra Ring skriver godt! det er ikke lenge(mange år) siden jeg leste Bymus og Fjellmusbøkene omigjen, og gråt som et pisket skinn. Det gjorde jeg sikkert ikke da jeg var liten...

    SvarSlett
  2. ...og Merete skriv godt! Somme gonger er du reine poeten, Merete.
    Helsing Vigdis
    (superanonym).

    SvarSlett
  3. Nei, der har vi vel alderen i eit nøtteskal, fru Storlien: sentimentaliteten renn over for det som før berre gav ein store augo... Men Barbara er ein gild skatt eg skal gle meg over også i romjula!

    Takk for skryten, superanonyme Vigdis, men det herskar nok ingen tvil om kven som er poeten av oss :-)

    SvarSlett
  4. Er forresten enig med den superanonyme!Du skriver godt.

    SvarSlett
  5. Snille og høflege følgjarar på denne bloggen vår! Tusen, tusen takk :-)

    SvarSlett
  6. Samtlige innlegg over tiltredes! Med respektfull hilsen fra grannebygda!

    SvarSlett
  7. Så fint at du ser innom oss, Gunvor! Dersom du mot formodning ikkje skulle merke noko, lovar eg altså å sende gode tankar nedover til grannebygda neste gong eg trekkjer i tørkle :-)

    SvarSlett
  8. Du skriv verkeleg gogt. I dag var du nok i særs godt lune, for dette var bra-

    SvarSlett
  9. Ååå, eg elskar slike anonyme som deg -reint bortsett frå at de tek nattesvevnen frå meg... Ønskjer ei fin førjulstid -også til alle eg ikkje veit kven er :-)

    SvarSlett
  10. Med fare for å bli blokkert for spamming; siden det er en hel uke til julaften og vi alle har veeeeldig god tid skal dere få en liten utfordring om bøker og forfattere. Stikk innom Fru Storlien for flere detaljer! Ha en fin helg! Pssst. det var kaldt på Bergom forrige lørdag.

    SvarSlett
  11. Denne såg eg litt for seint i dag, fru Storlien, men det kjem bloggar etter denne. Tre vise tek sjølvsagt utfordringa på strak arm! Var du her? Og ikkje her? Mrmf...Fin helg til deg også - og takk for delte boktankar!
    R

    SvarSlett