Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. mars 2009

Lurvetog og leseprosjekt


Neste veke startar vi opp med det årlege leseprosjektet for 3. klasse i Lom. Ei snill lærarinne har utstyrt pc`en min med 23 flotte fotografi av dei ivrige elevane, som stiller med nye, vaksne tenner og friskt pågangsmot. Dei skal få kvart sitt sjøleigandest lesekort med bilete av sitt eige, blide fjes på, og eg måtte difor på bokhandelen for å kjøpe kartong i dag. Då eg rusla (les: "ilte"...) attende til biblioteket, møtte eg eit flott opptog av fantastiske figurar kledd i ymse kreative kostymer. Heile barneskulen -både små og store- var ute og sette sitt preg på sentrum med sitt årvisse lurvetog, og følgjet har sjeldan vore så gjennomført og velutstyrt som i år. Rett nok kan ein observere mykje pussigt i Lom når turistsesongen set inn for fullt, men det er vel sjaldan så mange røffe cowboyar, hardbarka rockeartistar, fargerike klovnar, vandrande pyjamasbamsar og sluskete lassisar vandrar saman på Bergom (sentrum i Lom) med høglydt fellessong? Slike opplevingar først på dagen set ein elles morgongrimete, småshabby bibliotekar verkeleg i stemning, så TUSEN TAKK til lurvetoget for at de piffar opp den islagte bergomsgarden og fyrar opp under den våryre kriblinga einskilde av oss så vidt har begynt å kjenne litt på...

Leseprosjektet skal vare fram til påskeferien, og blir avslutta med utdeling av lesehestdiplom og fest med bollar og saft siste dagen før påske. Då skal vi måle leseormen og finne ut kor lang han har klart å bli, samt dele lesetips og ferieplanar. Ledda til ormen er forenkla bokmeldingar der fargekode fortel om boka var bra eller dårleg, eller kanskje litt midt på treet. Underteikna skal stille ut gode bøker og pøse på med bokpresentasjonar under heile perioden, og som "avdanka" lærar gler ho seg på mange tylege stunder med borna i vekene framover!
Våryr bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar